Ekerhovd tok årets Oskar

Tysdag klokka 13, halvanna døgn etter sesongopninga, blei årets første laks i Oselvo tatt på land.

Nils Ekerhovd med årets Oskar, ein laks på 6,7 kilo tatt i sone 2 tysdag 2. juli i 13-tida. Nils Henrik Rød (t.h.) hjelpte til å få laksen på land. (Foto: Ole Vidar Søviknes, prohd.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. juli 2013 10:30

To gongar fekk han laksen på kroken, men den første gongen sleit fisken snøret.

Nils Ekerhovd sto i fossen i sone 2 då han i 11-tida fekk laksen på.

Men han måtte venta til klokka 13 før den beit på igjen, og denne gong fekk han den på land, med god hjelp frå Nils Henrik Rød, skriv Ole Vidar Søviknes som på prohd.no følgjer fisket i Oselvo tett.

Laksen var 6,7 kilo.

Dette var ikkje berre årets Oskar (første tatt av medlem i Os Jakt og Fiskelag), men også årets første laks i Oselvo.

Les òg: Fint føre - lite fisk (frå opningsnatta)

Ekerhovd har fått årets Oskar (første laks fiska av medlem i Os Jakt og Fiskelag) to gongar før.

Sist var i 2008, då han om morgonen 12. juni drog ein laks på 7,4 kilo på land, også det i sone 2.

Desse har tatt Oskar dei siste åra:
2012: Tor Åge Thuen - Kremretten - 6,5 kilo
2011: Ove Tumyr - sone 2 - 4,2 kilo
2010: Kjell Olsen - sone 4 - 3,9 kilo
2009: Atle Kolltveit - Kremretten - 8,6 kilo (årets første, uvisst om det var medlem/Oskar)
2008: Nils Ekerhovd - sone 2 - 7,4 kilo
2007: Paul Lekven - sone 2 - 6,3 kilo

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.