Musikk | 28. nov. 2021

Elev frå Os lager minifestival i Bergen

Tuva Baggen bruker erfaring frå UKM til konsertmaraton på Kvarteret.

Elev frå Os lager minifestival i Bergen
Tuva Baggen og klassekamerat Theodor Opstvedt arrangerer festivalen saman. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. nov. 2021 10:35

Tuva Baggen frå Os og klassekameraten Theodor Opstvedt frå Fana tok på seg eit større prosjekt då dei fekk i oppgåve å «finna eit problem, og å løysa det».

– Vi er begge musikkinteresserte, og ville laga ein liten festival der fleire nye bergensband fekk vist seg fram, fortel Tuva.

Ved sidan av å vera publikum, har ho erfaring som blant anna konferansier og «ung arrangør» av UKM i Oseana.

– Mi erfaring er at nye band ofte byr på god musikk, uansett sjanger. Eg har også inntrykk av at dei har altfor få arenaer der dei får vist seg fram, og får veldig lite merksemd i media.

Med Bækkalokk Musikk Fest torsdag 2. desember håper Tuva og Theodor å bidra.

Tuva, her som 14 år gamal konferansier under UKM i starten på 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tuva, her som 14 år gamal konferansier under UKM i starten på 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk fem band på plakaten

Dei to elevane på «Medium og kommunikasjon» ved Nordahl Grieg vgs skulle ikkje berre løysa oppgåva i teori, men gjennomføra løysinga dei serverte i presentasjonen.

For å arrangera konsert treng du både ein scene, teknisk anlegg og nokon som kan spela.

– Sidan dette er eit skuleprosjekt får vi bruka Det Akademiske Kvarter gratis. Banda vi retta oss mot takka ja alle saman, dei sa også ja til å spela gratis.

På plakaten står: Takstein, Afternote, Teo Tomczuk, Mathias Trekk & Audiotene og Vepsestikk

Tuva og Theodor har også fått god hjelp av Os Rockeklubb, det Kjetil Osablod Grønvigh har stilt som mentor.

Kan bidra til klassetur

Trass gratis lokale og band som stiller utan honorar, så er det ein viss risiko å laga minifestival. Lyd og lys kostar pengar.

– Vi ønskjer at minifestivalen skal vera tilgjengeleg for flest mogleg, og har låg billettpris og aldersgrense 18 år.

Med Facebook-sida «Bækkalokk Musikk Fest» og billettar på Ticketco håper dei unge arrangørane å gå i null.

– Blir det overskot så går pengane inn i ein reisekasse for heile klassen. Vi ønskjer å besøka Norsk Teknisk museum i Oslo, fortel Tuva.

Men først skal det seljast billettar til 5 x 20 minutt eigenkomponert musikk.

– Dei som kjem til Kvarteret torsdag får høyra fem ganske ferske band, men det eine har nyleg gitt ut album.

– Eg har høyrd alle, nokre av dei live, og her er musikk i fleire sjangrar. Einaste kriterium var at alle måtte spela sin eigen musikk. Her har du sjansen til å høyra gode, lokale band tidleg, i noko som kan vera starten på ein fin karriere, seier Tuva.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.