Sport | 19. juli 2019

Erling Holst Øyasæter tatt ut til VM

– Kvalifisering til OL i Tokyo er innan rekkevidde, seier Erling.

Erling Holst Øyasæter tatt ut til VM
Petter Tufte og Erling H. Øyasæter (t.h.) debuterer i senior-VM i Austerrike siste helga i august. (Foto: Estrella Re-Ma)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. juli 2019 15:02

I fjor debuterte han i verdscupen i dobbeltfirar med blant andre Olaf Tufte, i romjula 2018 blei Erling Holst Øyasæter (25) frå Os Roklubb tatt ut på landslaget.

• Les òg: Pallplassen glapp i innandørs-NM (februar 2019)

I dag blei uttaket til årets VM publisert på roing.no.

– VM-troppen skal til Italia på måndag, for ti dagar med trening, og eg hadde følelesen av at eg og Petter fekk vera med, seier Erling om lagkameraten i dobbeltsculler, Petter Tufte frå Norske Studenters Roklub.

I går kveld fekk dei stadfesta det, Noreg reiser ikkje berre med dobbeltfirar, også Erling og Petter får vera med.

VM-debut med OL-kvalifisering innan rekkevidde

– Vi har ikkje fått bryna oss på så mykje i år, det er stort sett dobbeltfiraren som har reist. Vi er sett saman i dobbeltsculer i år og har blitt stadig betre. I verdscupen førre helg kom vi rett nok på 15. plass av 20 båtar, men topp 11 i VM er kvalifisert til OL, og vi har potensiale til å gjera det betre enn i verdscupen, meiner Erling.

Dei tok 3. plass i C-finalen, berre eitt sekund bak 12. plass.

– Førre helg var min første verdscup etter debuten i fjor og Petter (som ikkje er i slekt med den meir kjente roaren Olaf) sin første verdscup nokosinne.

VM går i Linz i Austerrike siste helga i august.

Erling deltok i VM for U23 i 2016. Dette blir hans første senior-VM.

– Dette er veldig stort for ein bitteliten klubb som Os Roklubb, seier Sissel Lothe, og ønskjer Erling lykke til med både treningsleiren i Lake Varese i Nord-Italia, og med VM-debuten.

Dette er Os Roklubb sin første VM-deltakar sidan Bård Alfred Monsen rodde dobbeltfirar i VM i 2003 (og 2001).

I dobbeltfiraren skal desse ro:
Martin Helseth (Aalesunds Roklub)
Erik Solbakken (Moss Roklubb)
Oscar Stabe Helvig (Norske Studenters Roklub)
Olaf Tufte (Horten Roklubb)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.