Politi | 02. juni 2021

Fekk seks prikkar på Lepsøyvegen

Kontroll av fart, lastsikring og støy frå MC tysdag.

Fekk seks prikkar på Lepsøyvegen
Politi i sivil hadde snittmåling på Lepsøyvegen i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. juni 2021 07:46

Politiet hadde tysdag kveld snittmåling på Lepsøyvegen.

Litt før klokka 23 blei ein bil målt til 70 km/t i 50-sona.

– Bilførar, ein mann i 20-åra, fekk 5.850 kroner i forelegg og, sidan han er i prøvetida, seks prikkar på førarkortet, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Bruksforbod på Byvegen

I 16-tida fekk politiet melding frå ein bilist som låg bak ein bil med hengar. Lasta på hengaren såg ikkje god ut.

– Bilen blei stoppa ved Uno X, og det blei stadfesta at lasta var dårleg sikra. Det blei bruksforbod på hengar, førar måtte lasta om før han kunne køyra vidare.

I 17-tida kom det klage på støy frå motorsyklar i Os sentrum. Fire MC-ar blei kontrollerte, to av dei fekk kontrollseddel og må visa sykkelen til Statens vegvesen før eventuell godkjenning og vidare køyring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.