Kultur | 07. des. 2021

Fire kveldar med konsert og dans i desember

Beststovo har fått skjenkeløyve, og byr opp til dans både til helga og i romjula.

Fire kveldar med konsert og dans i desember
Etasjen over 7/Eleven har selskapslokale til 250 personar. I desember blir det dessutan pub og dans i lokalet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. des. 2021 16:22

I 2019 sto andre etasje i den utvida bensinstasjon- og bilverkstaden klar.

Med trapp og heis opp til 300 nye kvadratmeter, godt utstyr med storkjøkken og fleksible møblar, var det klart for fest.

Rolf Tveit er nesten ferdig med 2. etasje over Best-stasjonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògDen nye storstova til Rolf Tveit

Men Tveit Eiendom AS, som i dag leiger ut til 7/Eleven og Snap Drive, fekk eit roleg 2020 med det nye selskapslokalet.

– Pandemien har prega mykje, men frå i haust har det vore mykje bruk av lokalet, med alt frå bryllaup og minestund tilkurs, møte, dåp og konfimarsjon, seier Rolf Tveit.

Han eig og driv eigedomen saman med søstrene, og har sjølv bakgrunn som konsertarrangør på fritida.

– Eg liker musikk og dans, no blir eg arrangør i vårt eige hus.

Tveit har fått ambulerande skjenkeløyve både til helga, 2. juledag og vesle nyttårsaftan.

E39 og Johny Olsen

Beststovo kan dekka til 250 gjestar, og framstår nesten som «Nye-Fjellheim» der dei ligg overfor kvarandre.

– Men vi sel berre 100 billettar per kveld, vi skal ha plass til å dansa òg.

Berre fullvaksinerte over 20 år får koma inn.

Bildeserie:

Beststovo har god kapasitet. (Foto: Privat)
Beststovo har god kapasitet. (Foto: Privat)
Fram til naboen Fjellheim eventuelt kjem i drift igjen, ligg Beststovo der, omtrent som «Nye-Fjellheim». (Foto: KVB)
Fram til naboen Fjellheim eventuelt kjem i drift igjen, ligg Beststovo der, omtrent som «Nye-Fjellheim». (Foto: KVB)
Bandet E39 speler til helga og 2. juledag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bandet E39 speler til helga og 2. juledag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fotballentusiast Asbjørn «AB» Bergstø er DJ mellom slaga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fotballentusiast Asbjørn «AB» Bergstø er DJ mellom slaga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vesle nyttårsaftan står Johny Olsen på plakaten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vesle nyttårsaftan står Johny Olsen på plakaten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5

Alle dei fire dansekveldane blir med sal av mat og drikke, og levande musikk på scenen.

Johny Olsen Band speler vesle nyttårsaftan. Eg sjekka med Os Live først, at ikkje dei skulle i gang med noko stort på Nore Neset.

Både førstkomande helg, fredag og laurdag, og 2. juledag, skal eit anna lokalt band på scenen.

Det relativt nye bandet E39 består av erfarne musikarar: Knut Egil Børnes (låtskriver, vokal og gitar), May-Eva Sandvik (vokal og gitar), Magnus Lyssand (gitar), Sven Åge Svendsen (bass) og yngstemann Magnar Bjørnevik (trommer).

– No håper eg at smittevernreglane fram mot helga og jula ikkje blir for strenge, at vi får gjennomført desse kveldane, seier Rolf.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.