Lokal | 31. okt. 2015

Fire rekordmånadar på rad

Midtsiden.no har auka mengda med lesarar med 89 prosent i år. Også trafikken har auka meir enn før.

Fire rekordmånadar på rad
Redaktør og leiar for Lokalavisene, Terje Olsen, seier at dei andre avisene rundt Bergen framleis strekk seg etter Midtsiden sine tal.
Andris Hamrelørdag 31. okt. 2015 07:57

Året 2015 starta med eit brak for heile Vestlandet, orkanen «Nina» med påfølgjande stengte vegar og manglande straum skapte god trafikk på nettavisene i vest, også på Midtsiden.no.

– 919.000 sidevisingar i januar var ny rekord, men i haust har vi hatt fleire 30-dagarsperiodar med over 1 million sidevisingar, både august og september hadde høgare trafikk enn januar, fortel ansvarleg redaktør Kjetil Vasby Bruarøy.

Midtsiden ligg ofte over 200.000 sidevisingar i veka, beste veke til no i år er valveka i september med 335.000.

– Tidlegare har trafikken vakse med 10-20 prosent, frå januar til oktober har vi i år hatt ei auke på 27,4 prosent. Trafikken varierer med hendingar i bygda, men veks likevel jamt og fort og har aldri vore høgare enn no, seier Bruarøy.

Nesten dobla tal på lesarar

Talet på unike lesarar veks endå meir, Midtsiden opplever ei «opplagsauke» på 89,4 prosent til no i år.

I snitt har Midtsiden over 10.000 lesarar per dag og over 30.000 per veke, men talet er ofte langt høgare, som førre veke, då over 73.000 ulike las Midtsiden. (Same veke hadde Haugesunds Avis 76.000 lesarar)

– Det som er like kjekt å sjå er at 78 prosent av desse er lesarar som kjem igjen, at vi har mange faste lesarar utanfor Os.

95 prosent av lesarane er i Noreg, 70 prosent av desse igjen er frå Hordaland. Frå utlandet har vi fleste lesarar plassert frå Spania, Storbritannia, USA, Danmark og Sverige

Etter at BT med selskapet AS Lokalavisene kjøpte 34 prosent av aksjane viser BT.no frå tid til annan nokre av sakene sine på fronten, med link rett til våre sider.

– Vi hadde 45 prosent vekst fram til april i år, før BT kom på banen, men dette er heilt klart med å gje lokalavisa vår og det som skjer i Os auka merksemd over bygrensene.

– Vi strekk oss etter Midtsiden sine tal

Det BT-eigde selskapet eig Askøyværingen, Vestnytt, Strilen og Bygdanytt.

– Våre aviser har hatt kraftig vekst i trafikken det siste året, seier dagleg leiar for AS Lokalavisene og ansvarleg redaktør i dei fire avisene, Terje Olsen.

– Men dei andre fire avisene strekk seg framleis etter tala til Midtsiden. Trass låg bemanning har Midtsiden ein stor produksjon, stabilt høg trafikk og ein heilt spesiell posisjon i heimkommunen sin.

– Kva trur du er årsaka til den gode trafikken?

- Midtsiden var tidleg ute med nettsatsinga si og tok den digitale utviklinga på alvor. Lesarane i kommunen har blitt vant til å få dei viktigaste nyhenda først hos Midtsiden, og det er ein svært viktig posisjon å ha. I tillegg har dei ein god miks av nyhende og anna interessant lesestoff, som gjer at lesarane må innom midtsiden.no for å halde seg oppdatert.

Dette er dei 10 mest leste sakene til no i år

1. Vi køyrer ikkje traktor på gøy
2. Fann gigantiske beinrestar på Storum
3. Må ut av Noreg innan 17. februar
4. Hytte i Os selt for over 16 mill
5. På innsida av Buen mot fjorden
6. Han sto heilt opp i ansiktet mitt og lo av politiet
7. Heist på land
8. Stakk av etter utforkjøring
9. Lokka ungar med sjokolade
10. Svane livstrugande skadd

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.