Politi | 22. nov. 2021

Fjerna mann frå restaurant

Tilsette kontakta politiet grunna framferda til mannen.

Fjerna mann frå restaurant
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. nov. 2021 07:12

Søndag i 20-tida blei politiet kontakta av tilsette ved ein restaurant i Os.

– Ein av gjestane var uønskt på staden. Han var full, og uroa ro og orden med måten han oppførte seg på, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Mannen, som er i 30-åra, blei fjerna frå staden. Han blei seinare dimittert av politiet.

– Det er ikkje oppretta sak.

I 12.30-tida søndag stoppa politiet ein bil.

– Bilen var ikkje framstilt for periodisk køyretøykontroll, og blei avskilta. Førar og eigar er ein mann i 20-åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.