Politi | 08. feb. 2023

Fleire melder nett-bedrageri til politiet

Mange av sakene gjelder bedrageri ved kjøp og sal via internett.

Fleire melder nett-bedrageri til politiet
POLITIET FORTEL: I ei pressemelding informer Vest politidistrikt om resultatet for delar av verksemda i 2022 (Foto: Nora Flatseth Trippestad).
Nora Flatseth Trippestad
Nora Flatseth Trippestadonsdag 08. feb. 2023 11:12

Vest politidistrikt la i dag fram resultatet for delar av verksemda i 2022, i ei pressemelding.

Totalt vart 27 895 lovbrot meldt til politiet i Vest i fjor.

Tala på meldte lovbrot aukar etter ein tydeleg nedgang i pandemiåra 2020 og 2021.

Det er ei auke innan dei fleste kriminalitetstypane samanlikna med 2021.

– For godt til å vere sant

Det er særleg tala på økonomisk kriminalitet som har hatt ei betydeleg auke frå 2021 til 2022.

Talet på saker som gjelder bedrageri har medverka sterkt til denne auken, med 44 prosent fleire saker i 2022 samanlikna med året før.

Mange av sakene gjelder bedrageri ved kjøp og sal via internett.

- Uttrykket «viss noko er for godt til å vere sant, så er det gjerne det» er framleis like aktuelt, seier Marthe Gaugstad Birkeland.

Ho er seksjonsleiar ved seksjon for etterforsking av økonomi, miljø og arbeidsmarknadskriminalitet.

Birkeland fortel at tradisjonelle bedragerisaker gjennom bank og kontant i større grad er erstatta av anonymisert type bedrageri.

- Digitaliseringa av samfunnet har skote ekstra fart under og etter pandemien. Verktøy og kompetansen til å utføre bedrageri blir stadig betre.

– Kriminelle aktørar kan utføre bedrageri medan dei sit heime i eiga stove, noko som kan vera med å senke terskelen for utføringa. Trongare økonomiske tider kan også vera medverkande for auken vi ser, seier Birkeland.

Ho syner til politiet sine nettsider kor ein kan få gode råd om korleis beskytta seg mot denne typen kriminalitet.

Når ikkje responstidkrava

Årstala for 2022 syner også at Vest politidistrikt ikkje når krava til responstid i nokon av kategoriane.

Responstida blir målt frå det begynner å ringe ved operasjonssentralen til første politieining er på staden.

Krava for responstid er for ekstraordinære hendingar, hendingar der liv er direkte truga og/eller der det er behov for rask innsats frå politiet.

Kategoriane det er tale om, er stadar med færre enn 2000 innbyggarar, stadar med 2000 til 19 999 innbyggarar og stadar med fleire enn 20 000 innbyggarar.

- Sjølv om to av kategoriane er er nær ved å nå kravet, så er vi ikkje nøgd, seier leiar for Felles operative tenester, Kjetil Rekdal, i Vest politidistrikt.

– 2022 har vore eit krevjande år for politidistriktet der vi har brukt betydelege politioperative ressursar, mellom anna på å handtere migrasjon frå Ukraina og den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa.

Ein annan konstant faktor som utfordrar responstida er geografi og avstand frå politipatrulje til der hendinga oppstår, ifølge Rekdal.

Han trur at det også i 2023 blir krevjande å nå responstidkrava med ein framleis usikker sikkerheitspolitisk situasjon.

- Men vi skal fortsette å ha fokus på å effektivisere tidsbruken hos operasjonssentralen og politipatruljen.

– Vi må også i større grad klare å balansere å vera meir på plass lokalt mot nærleik til der hendingane oftast skjer.

Dobbelt så mange pass

I 2022 blei det laga 107 536 pass til innbyggjarar i Vest politidistrikt.

Det er meir enn ei dobling frå 2021 då talet var 46 827.

Årsaka til dette er pandemiåra då vi merka ei betydeleg nedgang i talet på pass-søknader.

Dei lave pass-tala for 2020 og 2021 gjorde at mange pass gjekk ut på dato utan at eigarane bestilte nye.

Då samfunnet opna opp og feriereiser igjen blei aktuelt måtte etterslepet hentast inn.

- Politiet veit at det framleis er mange som har utgåtte pass og vi oppfordrar derfor alle å sjekke passa i god tid før ferien, seier leiar ved seksjon for forvaltning, Kristi Fürstenberg.

– Ikkje vent med å bestille passtime dersom du treng nytt pass. Vi håper å unngå lange køar til passtimar i år. Akkurat no er det ok kapasitet her i Vest, seier ho i pressemeldinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.