Politi | 07. feb. 2023

Klagde på høg musikk klokka 16 om ettermiddagen

Politiet fekk klage på høg musikk på ei privat adresse på Søre Neset.

Klagde på høg musikk klokka 16 om ettermiddagen
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitirsdag 07. feb. 2023 08:22

Måndag ettermiddag fekk politiet ei melding om høg musikk frå ei privat adresse på Søre Neset.

– Politiet har hatt fleire oppdrag på denne adressa før, også då på grunn av støy frå høg musikk, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet rykte ikkje ut på meldinga i går.

– Foreløpig har vi ikkje hatt nokre operative tiltak.

Den forebyggande patrulje i Bjørnafjorden var i går innom Ung Arena. Her var det samling for VGS-elevar.

Politiet var innom for å helsa på ungdomen.

Har du mista nøklane dine?

I 15-tida måndag ettermiddag fekk politiet melding om at nokon hadde funne eit nøkkelknippe på Os terminal.

Nøkkelknippet blei levert til politiet.

Vedkommande eigar kan komme innom politistasjonen frå klokka 12 i dag eller på torsdag mellom 09 og 15.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.