Kultur | 25. okt. 2022

Folkehagen opnar snart - med hagefest for alle

Snart kan alle få planta «hos presten».

Fleire plantekassar og lange rekkjer med tre og buskar står klare i Os Prestegard. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nora Flatseth Trippestad
Nora Flatseth Trippestadtirsdag 25. okt. 2022 09:05

I ei nyhendemelding inviterer Bjørnafjorden kommune til opning av folkehagen ved og ikring prestegarden på Os.

Opninga er førstkomande laurdag, og alle er velkomne.

Bollar og saft, arkitektur- og kulturhistorie i tillegg til historiske leikar er å oppleva på hagefesten.

Prestegardshagen har fått frukttre, bærbuskar og plantekasser.

Og nokre av dei eldste bygningane i kommunen er der, som har husa prestar i 670 år.

Fleire plantekassar - tett på ungdomsskulen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nye skilt formidlar fortida

Borgstove og Glasstova er to av desse. Dei har blitt oppgraderte og fått blå skilt.

Blå skilt presenterer kort kulturhistorie, og fortel om ein bygning, historisk hending eller person knytt til staden.

Fortidsminneforeningen Bjørnafjorden har lagt ned arbeid for at Borgstova og Glasstova skal ha desse merka.

Les ògUslåeleg stemning i Os’ eldste hus

Ei grøn lunge for alle

Prosjektet "Folkehagen" er ein del av oppgraderinga av uteområdet ved Os ungdomsskole, Os Aktiv og kunstgrasbanen på parkeringshuset.

Det er kultureininga og prosjektavdelinga i Bjørnafjorden kommune i tillegg til Landbrukskontoret, som har arbeidd med dette.

Hagen skal vere tilgjengeleg for barne- og ungdomsskuleelevar i nærleiken, og brukarar av dagsenteret Kontakto.

Området er nyleg oppgradert med fotballbane og park på taket av nytt parkeringshus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Det er ordføraren som opnar hagen og avdukar skilta på laurdag.

Da skal også kultursjefen Erik Vangenes fortelja om prestegardshusa og planen for framtidig bruk.

Dette er resten av programmet:

  • Landbruksrådgivar Heidi Gaustad fortel om ideen bak og meininga med folkehagen.
  • Leiar i Fortidsminneforeningen Bjørnafjorden, Ingebjørg Astrup, fortel om blå skilt-prosjektet før skilta blir avduka.
  • Paktaren og Borgstova er opne for publikum.
  • Prøv stylter, hestesko og sprettepinn.
  • Historisk quiz.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.