Politi | 29. nov. 2021

Førarkortbeslag etter kollisjon på Osveien

Bilførar samtykka ikkje i beslag.

Førarkortbeslag etter kollisjon på Osveien
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. nov. 2021 08:31

Søndag i 11.50-tida kom det melding om trafikkuhell på Osveien ved avkøyrsle til Haugsdalen.

– Ein bil som køyrde retning Os køyrde inn i ein bil som sto i ro for å svinga av til Haugsdalen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det var tre personar involvert, ein av dei blei tatt til lege for sjekk.

Vegen var stengt ein periode, og begge bilane måtte hentast av bergingsbil.

– Bilførar som kom bakfrå, ein mann i 70-åra, skal ha forklart at han blei blenda av sol. Det blei likevel tatt førarkortbeslag, noko han ikkje samtykka til.

Ingen av dei involverte er frå Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.