Lokal | 19. nov. 2020

Foreslår å gi 1+1 million med fokus på 3 bransjar

Skal avgjerast i ekstraordinært møte måndag.

Foreslår å gi 1+1 million med fokus på 3 bransjar
Kommunedirektør Christian F. Fotland legg i forslaget til rette for utbetaling før jul. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. nov. 2020 17:58

Tidlegare denne veka delte kommunen ut koronastøtte til næringslivet, 1,9 millionar som i sommar kom frå staten via fylkeskommunen til lokal utdeling i Bjørnafjorden.

I dag har administrasjonen òg klar eit forslag til ny, lokal støtteordning for delar av næringslivet, noko både næringslivet spurde om i møte fredag 5. november, og Espen Aspenes (Frp) spurde om i ekstraordinært formannskapsmøte same ettermiddag.

Kommunedirektør Christian F. Fotland svarte at han ville sjå på dette og koma med eit forslag.

No har administrasjonen kome med eit forslag som skal opp til politisk behandling i ekstraordinært møte i kommunestyret førstkomande måndag.

Administrasjonen foreslår ein tiltakspakke med ei ramme på 2 millionar kroner fordelt på:

  • 1 million kroner til kjøp av gåvekort hos lokalt næringsliv
  • 1 million kroner til eit tilskotsfond som lokalt næringsliv kan søka inntil 50.000 kroner frå.

Tiltakspakken skal i særleg grad retta seg mot eksisterande næringsliv innan servering, trening og velvære.

Den nye, lokale forskrifta seier blant anna at treningsenter på stenga og serveringsbransen må stenga skjenking klokka 21.30 og dørene klokka 22.

Det som skulle vore høgsesong for serveringsbransjen er meir eller mindre avlyst. Julebord er vanskeleg å gjennomføra, og utelivsstadane, som hadde det vanskeleg nok då dei ikkje fekk ta inn gjestar etter midnatt, fekk det endå tøffare.

Utbetaling no og på nyåret

Støtta blir finansiert med ekstra midlar tilført rammetilskotet vedr korona-pandemien.

I samandraget av saka står det om mål om utbetaling før jul:

Bjørnafjorden kommune ved kommuneoverlege og kommunedirektør vedtok 6. november lokal forskrift om smitteverntiltak i Bjørnafjorden kommune. Forskrifta gjalt frå 7. november til og med 23. november og er venta å bli forlenga i ei eller anna form.

Innføring av strenge smitteverntiltak, både gjennom den lokale forskrifta, og tidlegare gjennom nasjonale pålegg og anbefalingar har påverka deler av næringslivet negativt.

Regjeringa si kompensasjonsordning til bedrifter som blir direkte råka av covid-19, og dei krevjande, men naudsynte restriksjonane som følger med, vil ikkje bli utbetalt til bedrifter før i januar/februar 2021.

Det er fleire godt etablerte bedrifter som no har overlevd første bølgje med smitteverntiltak og restriksjonar, men som i denne runden slit økonomisk på grunn av ei ny smittebølge og nye smittetiltak og restriksjonar som direkte påverkar deira drift og inntekt.

Særleg gjeld dette bedrifter innan i skjenke- og serveringsbransjen, trening og velvære.

Kommunedirektøren ser eit behov for å gje aktørar innan desse bransjane ei handsrekking i den krevjande situasjonen, og foreslår ein tiltakspakke på totalt 2 millionar kroner, kor 1 million kroner nyttast til gåvekort, og på den måten tilfører verksemdene kontantar raskt, og 1 million kroner i eit tilskotsfond som verksemdene kan søke på som kompensasjon for omsetningsnedgang i november 2020 samanlikna med november 2019.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.