Brann og beredskap | 13. des. 2023

– Forstår godt at folk trudde det var husbrann

Fekk melding om opne flammar og mykje røyk - to stadar.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. des. 2023 13:32

Klokka 13.23 onsdag opplyste 110-sentralen om utrykking til mogleg brann i bygning i bustadområdet Stølsvegen.

Bjørnafjorden brann og redning rykte naturlegvis ut med fullt mannskap, inkludert røykdykkarar, til det som frå avstand såg ut som ein bustadbrann.

– Vi fekk melding om opne flammar og mykje røyk, fortel varabrannsjef Erik Walden.

På staden viste det seg å vera eit bål med hageavfall.

Brannvesenet rykte ut med to store bilar, inkludert røykdykkarar, men trengte ikkje å køyra opp på eigedomen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Brannvesenet rykte ut med to store bilar, inkludert røykdykkarar, men trengte ikkje å køyra opp på eigedomen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bålet var lovleg og bålbrennar fekk både ros og råd.

– Han har vore på nett for å sjekka kva som er lov, det er bra. Men vi skulle helst sett at han heldt bålet litt mindre, og heller kasta på litt og litt hageavfall, så ikkje det blei stort nok til at det leia til avstandsmelding og utrykking.

Walden fortel at dette var dagens andre utrykking til mogleg brann i bygning.

– Den andre blei meldt inn som om det var i Kjeldevegen. Det var ikkje der, men på Innerøya eller Ytterøya.

– Vi og politiet søkte i området utan å finna noko, så det kan tenkast at bålbrennar var rask med å sløkka då vedkomande høyrde sirenene våre.

Bjørnafjorden brann og redning sin rettleiar for bålbrenning finn du på kommunen si side.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.