Festivalar | 16. juni 2021

Nattkonsert utselt på under ein time

Er det likevel sjanse å få med seg delar av Tysnesfest-isj?

Nattkonsert utselt på under ein time
Tysnessåto i 04.30-tida ein morgon i førre veke. (Foto: Øystein Vaage/Tysnesfest)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. juni 2021 17:32

Tysnesfest er, som i fjor, avlyst. Men på Våge nektar dei å ha nok ein sommar utan noko som liknar festival, og har sett opp eit program over tre dagar.

Dei kallar den Tysnesfest-isj, og minivarianten går frå torsdag 8. juli til laurdag 10. juli.

Søndag 6. juni blei dei første to namna gjort kjent, så gjekk det slag i slag med slepp fram til billettsalet starta torsdag 10. juni.

– Billettane til kveldskonsertane blei selte så raskt det let seg gjera. Vi la dei ut klokka 10.00, klokka 10.01 sto det utselt, fortel dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest, Øystein Vaage.

Klokka 10.15 blei nokre frigjorte igjen, av tekniske årsaker, men dei blei selte i løpet av dei neste minutta.

KVELDSPROGRAMMET (18.00-22.30):
Torsdag
: Bjørn Eidsvåg og Stavangerkameratene
Fredag: car.pool og Highasakite
Laurdag: Synne Vo og Hellbillies

hasakite. (Foto: Jørgen Nordby)
hasakite. (Foto: Jørgen Nordby)

Det blei selt 200 festivalpass per kveld, 100 på nett og 100 fysisk i Våge hamn.

– Der blei det lang kø. Nokre kom frå Bergen og hadde tatt morgonferja for å kjøpa 10 pass per dag, alle dagar, og plass til fleire båtar. To mann handla for 26.000 kroner.

– Ikkje alle fekk pass akkurat den dagen dei ønskte, men alle i køen fekk faktisk festivalpass til minst éin kveld. I løpet av ein liten time var alt selt.

Konsert på Tysnessåto - klokka 04 om natta!

Miniversjonen av Tysnesfest har likevel eit fyldig og variert program, i Os-målestokk.

Fredagen er det to bluescruise med Big Men Bluesband på MS Midthordland.

– Det er ledige billettar til begge, men det klokka 16 er nesten utselt.

Laurdag formiddag er det motbakkeløp til Ramnanuten for heile familien, klokka 14 er det tid for nok ei utgåve av Døds Challenge Tysnesfest.

– Også til Døds Challange har vi nokre billettar igjen, fortel Vaage.

Ein annan konsert som blei utselt på under ein time overraskar meir; Soloppgangkonsert med Ruben.

– Billettar til denne la vi ut fredag. Også alle desse forsvann på under ein time. Det overraska meg meir enn det raske salet av kveldsbillettane.

Ruben klokka 04 om morgonen blei ein bestseljar. (Foto: Håvard Schei)
Ruben klokka 04 om morgonen blei ein bestseljar. (Foto: Håvard Schei)

Konserten startar klokka 04 torsdag morgon. Sola står opp klokka 04.27 denne julidagen.

– Soloppgangkonsert er noko vi har hatt lyst til å laga lenge. Men det krev ein del, og vi har travle dagar for mange frivillige under ein vanleg festival. Dei vil vi ikkje slita ut.

– Men i år, med redusert program og mange frivillige som er klare for å jobba, kan vi gjennomføra det.

Dei tok dessutan ikkje sjansen på å laga konsert på Tysnessåto på dagtid.

– Sjølv om det er i naturen, så har vi ansvar for kva som skjer der når vi lager konsert. På dagtid kunne det kome langt fleire enn kva vi hadde hatt kontroll over, på natta ser vi sjansen som mindre.

– No trur og håper vi at fleire vil gå opp kvelden i forvegen, ha ei kjekk stund, og vakna til Ruben i soloppgang. Skodda kjem normalt ikkje før i 6-7-tida, er vi heldige med vind og vatn kan det bli ein magisk morgon!

Tysnessåto i 04.30-tida ein morgon i førre veke. (Foto: Øystein Vaage/Tysnesfest)
Tysnessåto i 04.30-tida ein morgon i førre veke. (Foto: Øystein Vaage/Tysnesfest)

Full båthamn

Vanlegvis er det 350 båtar i festivalhamna under Tysnesfest. I år er det rigga klart til 70 båtar.

– Berre dei som har festivalpass får kjøpa båtplass. Alle dei 70 plassane er bestilt.

– Om det kjem fleire lettingar i smittevern, kan det då koma fleire billettar for sal?

– På E-brygga, der kveldskonsertane går, ville det på ein vanleg dag sikkert vore plass til tusen. Vi vil undersøka om heilvaksinerte med vaksinepass ikkje treng sorterast i kohort, at det blir plass til enkelte utover det som er selt.

– Men størst sjanse for auke er soloppgangkonserten. Blir kohortane større vil vi markera området så vi kanskje kan få plass til 400 eller 500, i staden for dei 200 vi no har selt.

Sjølv om inntektsgrunnalegt er lågare, tar ikkje arrangørane lett på gjennomføringa.

– For det første vil vi ikkje ha namnet vårt på noko som ikkje blir gjennomført skikkeleg, for det andre har vi eit apparat som treng å halda seg i trening til 2022.

– E-brygga får største scenen frå Gjerstad, og vi køyrer fullt opplegg med profesjonelt vakthald og mange frivillige på vakt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.