Politi | 07. okt. 2022

Bilføraren i 80-åra erkjente skuld i trafikkuhellet ved Røykenes

Fredag klokka 11.03 melde Vegtrafikksentralen om trafikkuhellet.

Bilføraren i 80-åra erkjente skuld i trafikkuhellet ved Røykenes
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveifredag 07. okt. 2022 10:10

Klokka 11.03 melde Vegtrafikksentralen på twitter om eit trafikkuhell ved Røykenes på E39.

Trafikkuhellet var ein påkøyrsel bakfrå, ifølgje BT. Dei snakka med trafikkoperatør i Vegtraffiksentralen, John Andreas Omdal.

– Det er oljelekkasje på staden, men vi har ikkje fått informasjon om skadeomfanget, seier Omdal til BT.

Kort tid etter ulykka melde Vegtrafikksentralen om at bilane var ute av vegen og at det no er fri ferdsel på staden.

Politiet opplyser til Midtsiden at bilførar, som er i 80-åra, erkjenner skuld og forklara at han ikkje klarte å stoppe då bilen foran bremsa.

Det var kun materielle skadar ved trafikkuhellet.

Det er oppretta sak på hendelsen, men det blei ikkje tatt førarkortbeslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.