Gult nivå kostar!

Fører til svakare relasjonar i alle ledd.

Hernes er sjølv lærar og mor til to elevar i grunnskulen. (Ill. foto, Os ungdomsskule: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. sep. 2021 08:24

Kjære kommunal kriseleiing og kommunelege i Bjørnafjorden kommune. Det er gult smittevernnivå barne- og ungdomsskulane i Bjørnafjorden kommune for tida.

Det var nok gode grunnar til at gult nivå blei innført. Det er ikkje vanskeleg å forstå at når sentrale styresmakter signaliserer at ein skal halda kontroll med smitta, så må ein ha verktøy til å gjera nettopp det.

Hugs berre at gult nivå kostar. Det er ikkje ei lettvint løysing verken for leiarar, lærarar eller elevar ved skulane.

Elevane må finna seg i svært avgrensa uteareal, å vera skilde frå venner på andre klassetrinn i friminutta, stengde kantiner og avlyste arrangement.

Sist veke blei til dømes fjellturen «Opptur» avlyst for alle elevar på 9. trinn, fordi det blei for vanskeleg å halda smittevernet på gult nivå.

Gult nivå fører til svakare relasjonar i alle ledd – både mellom elevane, mellom lærarar og elevar, og mellom skule og heim.

Digitale foreldremøte gjer det vanskeleg for foreldra å bli kjende med nye lærarar og med kvarandre. Avlyste kulturelle arrangement fører til at lærarane ikkje får møta elevane sine i andre settingar enn i klasserommet, noko som gjer det vanskelegare å bygga relasjonar.

Trivselsarrangement på tvers av trinn er vanskeleg å få til. Svake relasjonar kan i sin tur føra til utrygge elevar, uro i elevgruppene og større utfordringar med psykisk helse for enkeltelevar.

Måndag 13. september skal kriseleiinga vurdera gult nivå på nytt.

Eg stolar på dykkar vurderingar, berre hugs at gult nivå ikkje er ei «enkel» løysing på smittevernutfordringane. Ikkje for dei det gjeld.

Lukke til med avgjerda.

Reidunn Hernes
– lærar og mor til to elevar i Bjørnafjorden kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.