Kultur | 14. juni 2022

Held premiere og plateslepp i Os hamn

Ausekarane feirar 15 år på ferja. I neste veke startar årets turné.

Tor Endresen og Bjørn Jensen i Øyane i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. juni 2022 18:57

I fjor fekk dei restriksjonar, men ikkje støtte, dermed blei det to konsertar per dag - kvar bidige dag - på musikarane i Ausekarane.

– Publikum venta, me ville ikkje skuffa. Men me gjer ikkje det same igjen! Det blir nokre dagar med doble konsertar i år òg, men også ein og annan fridag, seier Tor Endresen.

Totalt blir det 27 konsertar på tre veker.

– Mens me e' om bord og jobbar og slit, kan jo konene vera heime og slappa av med beisa husveggen og slå plenen. Det kjennest urettvist, men jobb e' jobb, supplerer Bjørn Jensen.

Årets turné, Sjau & Spel på Ferjo, startar sankthansaftan i Os hamn. Då spørs det om dei kan gjera som folk gjorde før i tida, brenna ein oselvar på bålet, slik Ausekarane også syng om i eigen låt om nasjonalbåten.

Tre dagar seinare er dei i Øyane.

– Det kjem det jo full skuta nesten uansett kva vekedag me kjem. Stort sett har det vore søndagar, og dei har sendt melding og bedt om laurdag. Det gjorde vi éin gong, og då var det brått ikkje full båt. Derfor får dei ein søndag i år igjen!

Nytt album og CD-signering

Dato for digitalt plateslepp er fredag 24. juni. Ausekarane har plan om å ha med seg fysisk album (CD) til Os dagen før.

– Mange av våre lyttarar ønskjer å ha CD i hylla. Dessutan lurer eg på om ikkje det er nokre fine bilde av Bjørn i omslaget.

Det betyr at konserten på MS Sjøscenen i Os blir både premiere på turneen og førpremiere på albumet.

Ausekarane har sleppt to låtar frå det komande albumet:

  • U-864 om ubåten på Fedje med strofar som «båten forsvann, sånn som jernbåta kan»)
  • Grandis & Øl om noregsferie vs Syden. «Slepp å sei nei i eit bankande kjør, til klokka og bridle eg har i frå før».

– Av andre låtar er me innom og hyllar Johannes Kleppevik, Ove Thue og Ivar Medaas, og så kjem blant anna den nye låten «Steik Forbanna», som du fint kan synga mens du fyller drivstoff, avslører dei to ausekarane i front av bandet.

Dette er Ausekarane sitt femte album inkludert samleplata «ein HAU me HITS».

Turneen er innom Tysnes og Bakkasund mellom Os og Øyane. Så går den nord før retur til Bjørnafjorden med konsert i Holmefjord 11. juli og avslutting på Brattholmen 16. juli.

– Det blir godt å koma på sjøen igjen, å kjenna sneken av sjø og å møta dei mange vi har blitt kjente med i skjergarden desse 15 åra, seier Endresen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.