Politi | 29. juni 2022

Høyrde smell i stengt tunell

Bil køyrde inn i bom.

Høyrde smell i stengt tunell
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. juni 2022 07:15

I 02.50-tida natt til onsdag blei politiet kontakta av ein entreprenør.

Vedkomande var på jobb i Liafjellstunnelen. Tunellen var stengt grunna arbeidet.

– Han hadde høyrd ein smell i tunellen, og det viste seg at ein bil hadde køyrd inn i ein bom, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Politiet rykte ut til staden, men fann ikkje den aktuelle bilen.

– Vi skal gjera nokre undersøkingar, og blant anna sjekka skadene på bommen, seier Birkeland.

– Bilførar må gjerne melde seg.

Også i fjor køyrde ein bil inn i ei sperring i samband med arbeid i denne tunellen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.