Politi | 04. okt. 2022

Innbrot i hytte i Lysefjorden

– Hendinga vil bli meldt.

Innbrot i hytte i Lysefjorden
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. okt. 2022 07:35

Måndag ettermiddag blei politiet informert om at det har vore innbrot i ei hytte i Lysefjorden.

Politiet går ikkje nærmare inn på stad.

– Innbrotet skal ha skjedd i løpet av veke 39, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Vi er no i veke 40.

– Korleis har uvedkomande tatt seg inn?

– Eit vindauge og ei dør er tatt ut. Det er uvisst om ein av dei blei tatt ut frå innsida.

– Meldar ville kontakta glasmeister, så minst éi rute er nok knust.

Hytteeigar skal ha brukt hytta som lager. Det er foreløpig uvisst kva som er sakna frå staden.

– Vi oppmodar hytteeigarar å sjå til hyttene sine, både sikra eigedomen best mogleg og halda eit auge med den. Det gjeld både i Lysefjorden og andre stadar.

Det har vore fleire innbrot og tjuveri frå bedrifter i Os sentrum og nord for Os sentrum dei siste vekene.

I førre veke var det også eit innbrot i kjellaren på ein bustad på Søre Neset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.