Politi | 04. okt. 2021

Jente følte seg forfølgd

Politiet blei varsla då mannen sto utanfor huset.

Jente følte seg forfølgd
Bjørnafjorden politistasjon. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. okt. 2021 08:20

Laurdag klokka 20.51 fekk politiet tips om ei jente som skal ha følt seg forfølgd.

Retta: Midtsiden fekk først opplyst at jenta ringte politiet sjølv, men har no fått stadfesta at det var eit vitne som ringte.

– Jenta ville ikkje melda vedkomande, ho vil konfrontera han. Eg synest likevel det er bra at vi blei kontakta, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Vedkomande er ei jente i slutten på tenåra som var på besøk i Os, mannen som skal ha forfølgd ho er i starten på 20-åra og frå Os.

– Ho skal ha kjent han i rundt eit år. Ho hadde vore på kino før ho besøkte ein ven, men etter at ho kom med buss til adressa skal den unge mannen og ein kamerat ha dukka opp utanfor huset.

– Vi håper det hjelper at ho konfronterer han, men eg tenker at dette er ein sak vi bør følgja opp. Denne typen åtferd er vi ekstra merksame på, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.