Fotball | 16. jan. 2022

Kjem tilbake til Os

Vegard Strønen Skeie blir å sjå på Kuventræ igjen.

Vegard Strønen Skeie sist han spelte på Kuventræ. Her jublar han over Roger Ekeland si utlikning mot Vard Haugesund 19. oktober 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. jan. 2022 09:26

Vegard Strønen Skeie er første nysignering for Os Fotball sitt A-lag i 2022. Det opplyste Os Fotball i går.

Midtstopparen frå Nore Neset debuterte for Os som 17-åring i 2017, skåra 4 mål på 10 kampar i 2018 og spelte 19 kampar i 2019.

I 2020 signerte han med Brann og blei lånt ut til Øygarden, der han fekk 6 kampar på 2 månadar på tampen av sesongen i OBOS-ligaen.

Sa nei til Brann

Han hadde kontrakt med Brann ut 2023, men ga våren 2021 beskjed om at han legg opp.

Årsaka var at han følte at han hadde mista den «driven» sommå til for å trena og spela på øvste nivå, og at han ønskte å ta ei utdanning i Forsvaret.

– Han vil fullføra militærtenesta før han sluttar seg til troppen, skriv Os Fotball.

Det betyr at Skeie blir å sjå for fullt frå sommaren av.

– Ei soleklar forsterking

– Det blir aldeles fabelaktig å få Vegard tilbake i klubben! Han er ein vinnartype av rang og ein botnsolid type både på og av banen!

– Med sin kvalitet og erfaring er han ei soleklar forsterkning, seier hovudtrenar Endre Brenne til klubben si Facebook-side.

Endre Brenne (t.v.) har sjølv spelt med Skeie. Her gratulerer han midtstopparen med ei av4 skåringar på 10 kampar i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Midtstoppar Carl William Lafquist-Lygre frå fjorårssesongen er ikkje med vidare, og det er framleis uavklart med med David Cardenas Trias, som Os ønskjer å ha med vidare.

Av midtstopparar har Os, så vidt Midtsiden kjenner til, Jonas Fagerbakke Hovland med seg vidare. Han gjorde god figur frå start med 13 kampar i 2019, var skadd, men fekk 6 kampar i 2021.

Også Zsolt Korscmar, som i fjor kom seg etter skaden, og fekk debuten sin på tampen av sesongen, er innstilt på å spela neste år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.