Politi | 09. feb. 2023

Skadeverk på bankbygg og kyrkjetun

To trafikkontrollar - to tilfelle av skadeverk i Os sentrum.

Skadeverk på bankbygg og kyrkjetun
– Dei har nok stått på rekkverket for å få tak i skiltet, trur huseigar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. feb. 2023 08:51

Etter helga blei det oppdaga skadeverk på fasaden til Sparebanken Vest.

– Nokon har rive ned lys-skiltet som sto på mesaninen, fortel Sigurd P. Laugen, medeigar i selskapet som kjøpte bygget i fjor.

– Fredag kveld var skiltet ok, vi reknar med at skadeverket skjedde natt til søndag, men det er ikkje heilt sikkert.

Forholdet blei meldt til politiet i går.

På formiddagen i går fekk politiet også melding om skadeverk på ei forsterka glasdør hos Os kyrkjelyd.

OPPDATERT/RETTA: Vi fekk først opplyst at dette var i Os kyrkje, men skaden skal vera utført på ei dør i Tunet (tidlegare kyrkjelydshuset).

– Skadeverket på kyrkja har skjedd ein gong mellom 3. og 6. februar. Patrulje har vore på åstadundersøking og forholdet er meldt, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet ønskjer tips i saka.

Litt før klokka 12 onsdag stoppa politiet ein bilførar på Hegglandsdalsvegen.

– Bilførar, ein mann i 50-åra, brukte mobiltelefon under køyring. Han ønskte ikkje å visa fram førarkortet, og det er oppretta sak på begge forholda.

Forelegg for bruk av handhalden mobil er etter 1. februar oppe i 9.700 kroner.

Bruk av handhalden mobil auka i fjor til 7.450 kroner. Frå i går, 1. februar, kostar det 9.700 kroner. (Foto: Frende Forsikring)
Les ògKraftig auke i satsane på forenkla forelegg

I 16-tida onsdag ettermiddag var politiet innom Ung Arena, der over 60 ungdomsskulelevar var samla.

Ikkje for å sløkka brann, men for å mingla med ungdomen.

– Det såg ut til å bli sett stor pris på, seier Lyssand.

I 21-tida onsdag hadde politiet fartskontroll med laser i 100-sona på E39 i Endelausmarka. Dei fann ikkje noko å reagera på.

Klokka 21.41 fekk dei melding om eit skilt som hadde blåst ned ved AMFI Os. Vegtrafikksentralen blei varsla og overtok oppdraget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.