Næringsliv | 25. mars 2023

Kor lys blir kvelden i morgon?

Natt til søndag skal vi stilla klokka.

Kor lys blir kvelden i morgon?
Friluftsområdet Kuskjeret på Forstrøno til venstre, Flatøya til høgre klokka 21 på kvelden 7. september 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 25. mars 2023 09:08

Det er snart slutt på normaltid, og klart for å stilla klokka over på sommartid.

Klokka 02 natt til søndag skal klokka stillast fram til 03.

Det betyr at natta blir kort, morgonen kjem brått på og søndag kveld blir mykje lysare enn dagen før.

Soloppgang og -nedgang

Sola går ned til ulike klokkeslett ulike stadar i Norge, også ulike stadar internt i kommunen er det nokre minutt forskjell.

På Osøyro går sola ned klokka 19.04 laurdag kveld og, takka vera overgangen til sommartid, 20.06 søndag kveld

Soloppgang endrar seg frå 06.25 til 07.22.

Også i vekene som kjem blir det raskt endringar.

I slutten av april går sola ned klokka 21.33, i slutten mai klokka 22.45 og sankthansaftan (23. juni) klokka 23.05.

Kjelde: timeanddate.com

Tre ulike twillight-typar

Etter at sola går ned kjem tre ulike twillight-typar, altså grad av skumring: Civil twillight (sola 6 gradar under horisonten), nautical twillight (12 gradar) og astronomical twillight (18 gradar).

Weather.com forklarer dei tre skumringstypane.

Under civil twillight er det ofte ikkje naudsynt med kunstig lys, under nautical kan seglarar framleis sjå horisonten, men «detaljert utandørsaktivitet» kan vera vanskeleg.

I morgon, når sola går ned klokka 20.06, er det civil twillight til klokka 20.49.

Fordel og ulempe

Som ansvarleg for Justervesenet er det næringsministeren som bestemmer kva som er riktig tid her i landet.

– Eg veit at det er delte meiningar om å stilla klokka, seier næringsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding.

– Skiftarbeidarar, småbarnsfamiliar og bønder er kanskje blant dei som opplever klokkejusteringa som mest utfordrande.

– Det positive er at vi ved å stilla klokka får lysare ettermiddagar, og at våren er rett rundt hjørnet.

Spørsmål om sommartid skal opp i Europarådet, men der er det framleis ikkje noko nytt. Regjeringa i Norge vil uansett venta til EU har bestemt seg før dei tar stilling til om vi skal slutta å stilla klokka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.