Lager ekstra staseleg drive-in-kino

… men utset arrangementet frå haustferien til over vinteren.

Frå drive in på Røykenes i haustferien i fjor, då det blei vist to filmar per kveld i tre dagar på rad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. okt. 2016 10:53

Dei siste åra har Er-An Veikro arrangert drive-in-kino i haustferien.

Gjestane har kjøpt billettar, fått lyden inn på radioen, popcorn servert inn vindauget og hatt tilbod om filmar per kveld tre kveldar i oktober.

Les òg: Frå Askøy til Er-An på kino

– Det kostar så mykje å arrangera dette at det blir ikkje pengar av det, men vi ser på det som vellykka på alle andre måtar.

– Det er gøy for både oss og gjestane, arrangementet kler stilen til restauranten og vi har hatt veldig godt besøk, seier innehavar Linda Andersen.

Likevel blir det ikkje drive-in-kino denne haustferien.

Ventar på ein spesiell film

Linda var svært nøgd då ho, etter å ha jobba med saka lenge, endeleg fekk løyvet til å visa «Cars», om racerbilen Lynet McQueen, animasjonsfilmen som på mange måtar er ein hyllest til Route 66, motorsport og USA på 60-talet.

– Den blir ein av filmane på neste drive in, men vi ventar òg på ein annan.

Linda si dotter, Hanne Catrine, har gått skule og jobbar heiltid som skodespelar i Los Angeles. For eit knapt år sidan var ho heime og spelte inn ein pilot til ein TV-serie ho og venninna Rosa van Iterson hadde idé om.

– No er «The Chase» blitt ein kortfilm, der mange frå Os deltar framfor og bak kamera. Vi trudde den skulle vera ferdig til no, men Hanne Catrine tok materialet med til klipping hos ein ho kjenner i USA.

– Den blir ikkje klar til haustferien, så vi satsar på drive in med premiere og premierefest, sjølvsagt med rød løpar, her på kroa ein dag tidleg på våren. Dato må vi koma tilbake til.

Reisekveld med USA-tema

Utan arrangement blir hausten likevel ikkje for restauranten, som blant anna arrangerer 4. juli-parade og cowboyfest.

– Det er utruleg hektisk, vi set nye rekordar i år og vi gler oss over at vi også i år blei nominert til beste veimat i Noreg. Men vi må ta oss tid til å ha det litt kjekt òg.

Er-An rundar av oktober med reisekveld siste torsdagen i månaden og halloweenfest i helga før allhelgensaftan (31/10 er på ein måndag i år).

– Til reisekvelden kjem Travelnet Os Reisebyrå og fortel, ikkje om konkrete pakkar, men om USA-reiser generelt. Her kan du plukka opp gode tips om du skal over dammen, og kanskje kan det bli litt erfaringsutveksling mellom gjestane òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.