Kultur | 17. aug. 2022

Lager oktoberfest i Vognhallen

Monterer veggar og varme, inviterer brassband med erfaring frå kontinentet.

Lager oktoberfest i Vognhallen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. aug. 2022 06:22

Havnechefen og Elvehuset, som saman med Catten hadde suksess med oktoberfest i telt på Osøyro i 2019, er klare igjen.

I 2019 hadde dei plass til 250 gjestar per kveld. Laurdagen var det over 70 på venteliste.

Frå oktoberfesten i 2019. (Foto: KVB)
Frå oktoberfesten i 2019. (Foto: KVB)

Denne gong blir festen over to dagar i Vognhallen.

– Vi monterer lette veggar og varme, og vi ventar ikkje heilt til oktober med festen, seier Peter Moesgård frå Havnechefen.

Årets oktoberfest blir fredag og laurdag 16. og 17. september.

– Austevoll Brass er booka til å spela begge kveldar.

– Dei har god erfaring med musikk som passar, og har spelt fleire stadar i Tyskland og Austerrike under oktoberfestar på kontinentet.

Fullt hus og 70 på venteliste sist det var oktoberfest i sentrum. (Foto: KVB)
Fullt hus og 70 på venteliste sist det var oktoberfest i sentrum. (Foto: KVB)

I tillegg blir det trubadur og standup.

Namn på standupartist er enno ikkje annonsert, men Frode Holmefjord og Eirik Rolland tar kvar sin kveld som trubadur.

– Det blir ein pakkepris på standup, konsert og mat. Havnechefen og Elvehuset tar oppgåva som arrangør saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.