Lager Ulvenmarknad likevel
Laurdag blir Kolskogen fylt med gamalt snacks igjen.
Ulvenmarknaden, som Os Skysslag har arrangert i ei årrekkje, har hatt koronapause i 2020 og 2021.
Marknaden, som byr på alt frå antikk til bil- og motorsykkeldelar, er normalt i slutten av april.
– Vi vi i januar skulle senda ut invitasjon, var det framleis høg smitte og ein del uvisse, så vi venta. Dermed blei det ikkje noko i april, fortel Gustav Bahus frå Os Skysslag.
For tre veker sidan bestemte Os Skysslag seg for likevel å gjennomføra Ulvenmarknaden før sommaren.
Normalt har marknaden 70 til 110 utstillarar.
– Det er kort varsel frå utstillarane, men det ser likevekl ut til å koma ein del, også av dei som reiser eit stykke.
Interessentar har meldt seg frå både Sogn, Haugesund, Sandnes og Sørlandet.
Innsjekk for utstillarane er fredag kveld, marknaden er laurdag.
Ved sidan av salsutstilling er det ofte også «fin-bil-utstilling» under marknaden, som også i år er på parkeringsplassane til Os vgs i Kolskogen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.