Lastebil blokkerer Hegglandsdalsvegen
Lastebil står fast ved Rød. Politiet dirigerer trafikken forbi.


Måndag i 16.30-tida blei ein lastebil ståande fast på Hegglandsdalsvegen.
Bilen står mellom Rød og Hjemdal retning Samnanger.
– Den sto utan kjettingar, men klarte å spinna seg sidelengs så små bilar kan passera, fortel eit vitne.
Både Vegtrafikksentralen og Vest politidistrikt skreiv først på Twitter at vegen er stengt.
Politiet har no oppdatert at dei dirigerer trafikken forbi i eitt felt.
Vitnet vi har snakka med skal ha fått beskjed om at det kan gå ein del tid før lastebilen er fjerna.
Politiet er på staden. Bilen er registrert i utlandet.
Det er uvisst kvar bilen var på veg.
Vegen er skilta forbode for bilar lengre enn 12 meter. Det er uvisst kva lengde lastebilen som står fast har.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.