Kultur | 13. nov. 2022

Litteraturfestival på biblioteket

Byr på foredrag, forfattarsamtalar, bokprat og barnefestival. Nye perspektiv ventar i biblioteket.

Litteraturfestival på biblioteket
Neste veke er det Litteraturfestivalen i hovudbiblioteket på Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveisøndag 13. nov. 2022 07:25

Torsdag er det Litteraturfestivalen i hovudbiblioteket på Os.

Identitet er fellesnemnaren for forfattarmøte, foredrag og bokprat under litteraturfestivalen.

Torsdag og fredag er det program for dei vaksne. Og laurdag er det barna sin tur med eventyryoga og teikneverkstad.

Kven er du?

Biblioteksjef for kommunen Kirstine Folmann fortel kva temaet for festivalen er på biblioteket sine heimesider:

«Hender det at du spør deg sjølv «kven er eg, eigentleg»? Eller har du opplevd at andre trur dei veit noko om deg basert på korleis du ser ut, kvar du er oppvaksen, val du har tatt, korleis du kler deg, snakkar eller går?

Identiteten din kan vera knytt til kvar du kjem frå, korleis du definerer deg sjølv, kven du elskar, korleis andre ser deg og korleis du ønskjer å bli sett.

Kan litteraturen hjelpa oss å finna svar på kven vi er?

Nye perspektiv ventar i biblioteket».

Program torsdag

Foredrag med Hanne Marie Johansen om fagboka «Skeive linjer i norsk historie: frå norrøn tid til i dag».

Johansen vil snakka om skeive i by- og bygdehistoria, om inkludering og ekskludering, og litt om bakgrunnen for avkriminaliseringa i 1972.

FOREDRAG: Hanne Marie Johansen vil snakka om skeive i by- og bygdehistoria.(Foto: Bjørnafjorden bibliotek)
FOREDRAG: Hanne Marie Johansen vil snakka om skeive i by- og bygdehistoria.(Foto: Bjørnafjorden bibliotek)

Samtale med Anita Østerbø om boka «Skammens mødre».

Ei spennande og rystande historie om sosial urett, kampvilje, kjærleik og stoltheit, og etiske dilemma rundt adopsjon, barneheimar og sterke familieband.

KAMPVILJE: Samtale med Anita Østerbø om boka «Skammens mødre». (Foto: Bjørnafjorden bibliotek)
KAMPVILJE: Samtale med Anita Østerbø om boka «Skammens mødre». (Foto: Bjørnafjorden bibliotek)

Program fredag

Bokprat med Kirstine, Nicoline, Trine.

Leseopplevingar med identitet som tema. Kven er vi i møte med dei andre? Korleis vert vi forma av bakgrunn, oppvekst, erfaringar og kriser?

Du kan lytta eller delta i praten, eller du kan dela det du sjølv les.

BOKPRAT:  Leseopplevingar med identitet som tema. (Foto: Bjørnafjorden bibliotek)
BOKPRAT: Leseopplevingar med identitet som tema. (Foto: Bjørnafjorden bibliotek)

Forfattarmøte med Brynjulf Jung Tjønn.

Brynjulf Jung Tjønn debuterte som forfattae i 2002, og har sidan gitt ut ei rekke bøker, både for barn, ungdom og vaksne.

Boka «Kvit, norsk mann» frå 2022 er ei samling vonde, kloke og tidvis morosame dikt, om norsk oppvekst og norsk rasisme.

FORFATTARMØTE: Boka byggjer på Brynjulf Jung Tjønn sine eigne erfaringar. (Foto: Bjørnafjorden bibliotek)
FORFATTARMØTE: Boka byggjer på Brynjulf Jung Tjønn sine eigne erfaringar. (Foto: Bjørnafjorden bibliotek)

Den byggjer på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske.

Tekstane trekker også linjer til andre, liknande forteljingar – og set vår samtid og kultur under lupen.

Barna sin festivaldag

Laurdag er det barnas festivaldag. Her er det begrensa plass og obligatorisk påmelding.

Barnebibliotekar Nicoline inviterer til eventyryoga for alle første gong.

Ho har med seg ei forteljing, som blir til eventyrleg yoga saman med barna.

Her er det plass til 10 barn (6-10 år).

YOGA: Barnebibliotekar Nicoline inviterer til eventyrleg yoga saman med barna. (Foto: Bjørnafjorden bibliotek)
YOGA: Barnebibliotekar Nicoline inviterer til eventyrleg yoga saman med barna. (Foto: Bjørnafjorden bibliotek)

Teikneverkstad med Oda Valle.

Ho er illustratør, og teiknar bilete både til bøker og til å henga på veggen. Denne laurdagen held ho to verkstader, den første frå klokka 11-12 og den andre frå klokka 12-13.

TEIKNEVERKSTAD: Bli med Oda Valle for å teikna artige fjes og rare dyr. (Foto: Bjørnafjorden bibliotek)
TEIKNEVERKSTAD: Bli med Oda Valle for å teikna artige fjes og rare dyr. (Foto: Bjørnafjorden bibliotek)

På teikneverkstadane skal barna teikna tøysete menneske, artige fjes og rare dyr.

Det er plass til 15 barn (6-9 år) på kvar verkstad, og det er bindande påmelding.

Alle arrangementa er gratis.

For meir informasjon om Litteraturfestivalen, påmelding og tidspunkt sjå Bjørnafjorden bibliotek sine heimesider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.