I kveld samla Os Sogelag seg, saman med skriftnemnda og lokalpressen, i Oseana Kafé og Restaurant for gjennomgang og avspark på sal av årets utgåve av «Osingen».
I år som før får du kjøpt boka på Bunnpris Vedholmen og hos ARK på Amfisenteret.
Allereie frå klokka 19 i kveld var «Osingen» å finna i butikkhylla.
![«OSINGEN»: Her er årets utgåve av «Osingen». Seint torsdag kveld kan du finne den i butikkhylla. (Foto: Eirin E. Horvei)](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fcdn.sanity.io%2Fimages%2Fahcmq7tx%2Fproduction%2Fece8f39554a31b3378bdda15458ffa22c1a18997-4240x2832.jpg%3Frect%3D0%2C0%2C4240%2C2543%26w%3D752%26h%3D451%26q%3D100%26dpr%3D2&w=3840&q=75)
Boka er i år på 176 sidar, noko som gjer den til den mest fyldige utgåva så langt. Den inneheld 13 saker og årskavalkade frå Midtsiden.
– «Osingen» har auka smått i størrelse kvart år, årets utgåve er den største, seier Odd Tøsdal frå Os Sogelag.
Os Sogelag er, for sjuande år på rad, utgjevar. Dei tok over ansvaret med å laga og gi ut «Osingen» etter dei blei stifta i 2016.
– Opplaget er i år på 800 bøker. Vi liker å trykke litt ekstra bøker, då veit vi at vi har nok, og gjerne eit lite restopplag.
– Om nokon ønsker å kjøpa «Osingen» frå tidlegare år, er det berre å kontakta oss, seier Tøsdal.
Midtsiden kjem tilbake med eiga sak om innhaldet i årets utgåve etter sleppet i kveld.