Næringsliv | 06. sep. 2021

Murmester Røttingen blir del av Håndverksgruppen

Kjell Røttingen tar firmaet sitt inn i landsomfattande kjede.

Murmester Røttingen blir del av Håndverksgruppen
Murmester Kjell Røttingen gler seg øve god vekst og fleire utfordringar. (Foto: Murmester Røttingen AS)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 06. sep. 2021 06:24

Håndverksgruppen er eit konsern som er representert frå Svalbard i nord til Kristiansand i sør. Gruppa er òg den desidert største aktøren i landet innan maling, gulvlegging, mur og flis, med over 55 bedrifter som medlemmar.

I 2020 kunne Midtsiden fortelja om

No blir endå eit lokalt firma frå Bjørnafjorden ein del av det veksande konsernet.

Murmester Kjell Røttingen AS ser tilbake på fleire år med god vekst, og gler seg til å bli ein del av Håndverksgruppen.

– Vi har merka svært lite til korona, og har hatt mykje jobb dei siste åra. Det blir spennande å bli ein del av Håndverksgruppen. Vi har høyrt mykje positivt om konsernet, seier dagleg leiar Kjell Røttingen.

Utvida oppdragsområde

Etter mange år med enkeltmannsforetak starta den travle murmeisteren aksjeselskap i 2018. I dag har Murmester Kjell Røttingen AS ni tilsette og ein lærling.

Omsetnaden har lagt på over 10 millionar dei siste åra, og har no vakse til rundt 15 millionar kroner.

– Vi har mykje jobb i Bjørnafjorden kommune, og så har det blitt mange oppdrag elles i regionen. Eg er faktisk på veg ut til Laksevåg no for å ha ei befaring på eit bad, sa Røttingen fredag.

Han fortel om ein variert marknad med forskjellige typar oppdragsgivarar.

– I tillegg til mange privatkundar, har vi mange oppdrag for kommunar og i samband med forsikringssaker.

Ein del av noko stort

Med heile 57 bedrifter som har blitt ein del av det store konsernet, er Røttingen klar for fleire utfordringar.

– Dette passar oss godt. Eg har merka at vi har måtta strukturera oss litt annleis med denne auka oppdragsmengda. Eg har blant anna fått inn ein ekstra person som kan hjelpa til med kontorarbeid.

– Det er kjekt med nye utfordringar, og vi gler oss til å bli ein del av noko stort, seier Røttingen.

Nøgde investorar

I ei pressemelding frå Håndverksgruppen blir Malermester Røttingen AS ønskt velkommen.

– Vi er veldig nøgde med at vi får med oss Murmester Kjell Røttingen AS. Med dette tilskodet får auka kapasiteten vår innan mur og flis i bergensregionen, seier konsernsjef Øyvind Emblem.

Våre samarbeidspartnere er kun de beste leverandørene innenfor sitt fag.

«Våre bedrifter er håndplukket innen sitt fag. Vi er landsdekkende og kan levere i alle fylker» skriv Håndverksgruppen på si heimeside.

I region vest har dei frå før ni dotterfirma, inkludert Malermester Kvittingen AS.

Dei er i hovudsak innan malararbeid, golvlegging, mur og flis.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.