Kultur | 20. aug. 2019

Måltidet er utselt - matfestivalen har plass til alle

Byr på kortreiste råvarer i Vognhallen på dagtid før «Det Endå Litt Større Bjørnefjordmåltidet».

Måltidet er utselt - matfestivalen har plass til alle
Silja Døsen Moberg og Daniel Skotheim frå Bjørnefjorden Matkultur, som før årets store måltid lager mini matfestival i Vognhallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. aug. 2019 12:13

Laurdag 5. oktober blir det store bjørnafjordmåltidet arrangert for tredje år på rad.

Måltidet er ein stor dugnad av lokale leverandørar, kokkar, restaurantar og studentar - og består av rundt 20 rettar nesten utelukkande baserte på lokale råvarer.

Les òg (med bildeserie):
• 21 rettar til 220 personar (2017)
• Unikt, Bjørnafjorden (2018)

– Dei siste seks billettane blei selte i løpet av den siste veka, seier Veronica Søilen Halhjem frå Oseana.

Held fram utan Gunnar

Arrangør, Bjørnefjorden Matkultur, beslutta å gjennomføra trass eldsjela Gunnar Nagell Dahl sin brå bortgang i juni.

Gunnar var ein av dei som starta Bjørnefjorden Matkultur, og det var han som hadde ideen til Det Store Bjørnefjordmåltidet.

– Han var ein inspirasjon, ein venn og ein mentor for alle oss i foreininga. Det vi har landa på i felleskap, og som vi er heilt sikre på at Gunnar ville ha ønskt, er at foreininga skal halda fram arbeidet sitt, og at måltidet skal gå som planlagt, sa Daniel Skotheim på vegne av medlemmane i foreninga.

Nytt i år: Mini matfestival i Vognhallen på dagtid

Ein annan idé Gunnar hadde var å lata leverandørar og kokkar stilla ut, by på smaksprøvar og selja varer før måltidet.

– I fjor gjorde vi dette, men i Oseana, og rett i forkant av måltidet. Derfor var det berre dei med billettar som fekk det med seg. Mange kom tidleg, og det blei eit populært tilskot, men i år blir det på ein måte som kan nå ut til endå fleire, seier Silja Døsen Moberg og Daniel Skotheim.

Frå klokka 11 på formiddagen og fire timar fram skal minst 10 utstillarar, blant dei som bidrar på måltidet på kvelden, stilla ut i Vognhallen.

– Her er det lagt til rette for gode samtalar om mat og sal av varer, smaksprøvar og smårettar - alt av lokale råvarer frå bjørnafjordregionen.

Sjølv om du har billett til kvelden, kan det vera verdt å svinga innom Vognhallen på dagtid. Med på billetten har du nemleg fire «bongar» som du kan handla smårettar og smaksprøvar med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.