Politi | 01. juni 2021

MC-førar ber om video-opptak etter møte med lastebil

Angrar på han sa nei då vitne kom med tilbod.

MC-førar ber om video-opptak etter møte med lastebil
(Arkivfoto: Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. juni 2021 08:25

Torsdag blei einmotorsykkel påkøyrd av ein lastebil i rundkøyringa ved E39 Byvegen og Industrivegen.

– Det blei heldigvis inga stor sak. Sjølv er eg uskadd, og sykkelen ser ikkje ut til å ha fått så store skader heller, seier MC-førar.

Etter uhellet skal eit vitne ha kome bort og sagt at han hadde video-opptak av samanstøyten.

– Full i adrenalin takka eg nei til dette.

MC-førar skildrar dialogen med lastebilførar som fin. Årsaka til at han likevel vil ha video-opptaket handlar ikkje om skyldspørsmålet.

– Eg vil rett og slett sjå om det er noko eg som MC-førar kunne gjort annleis. Kanskje bremsa eg opp litt fort?

– Det er greit at bilen bak har ansvar for å kunna stoppa, og han var kanskje uoomerksam. Men eg ønskjer ikkje å kritisera han, eg vil berre bli ein betre og tryggare motorsyklist, derfor vil eg sjå om igjen det som skjedde.

Om det var du som filma samanstøyten kan du kontakta Midtsiden-redaksjonen. Vi kjenner identiteten til MC-førar, og kan setja deg i dialog med vedkomande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.