Lokal | 26. jan. 2022

Melder 5-6 meter høge bølger utanfor Bjørnafjorden

Torsdag er det venta høge bølgjer, laurdag skal det bli endå kraftigare vind.

Melder 5-6 meter høge bølger utanfor Bjørnafjorden
Bølgevarsel for torsdag 27. januar. (Kart: Meteorologisk institutt)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. jan. 2022 12:25

Meteorologisk institutt melder opp mot 8 meter høge bølgjer i Møre og Romsdal i dag og i Rogaland og Agder i morgon.

I vårt område ligg det an til å bli verst torsdag, med 5-6 meter høge bølgjer vest for Austevoll.

– Skal du ut i båt kan det vera lurt å sjekka kystvarselet. Søk opp din stad på Yr, og velg Kyst, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Det er flo klokka 05.30 og 17.53 i Os torsdag.

Det er meldt vindstyrke over 9 m/s frå vest torsdag. Laurdag skal vindstyrken passera 11 m/s.

  • Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent

Det er meldt regn torsdag og laurdag, en lettare vêr fredag fram til 12-tida, då kan det koma sludd.

Søndag skal det bli lettskya og opphaldsvêr, med fare for snø natt til måndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.