Politi | 27. des. 2021

Meldt etter dårleg skraping av front- og sideruter

Politiet med tre reaksjonar. Kva er god nok skraping av is?

Meldt etter dårleg skraping av front- og sideruter
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. des. 2021 09:59

Søndag i 20.40-tida stoppa politiet ein bil på Byvegen med noko dei meinte var for mykje is på rutene.

– Bilførar, ein mann i 50-åra, erkjente at det kunne vore betre skraping, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Vedkomande fekk køyra vidare då bilrutene var isfrie, men er meldt for forholdet.

– Måndag morgon har patruljen stoppa to bilistar for tilsvarande forhold. Den eine fekk åtvaring, den andre, ei kvinne, hadde så mykje is på siderutene på bilen at ho fekk eit forelegg på 2.750 kroner, fortel Lyssand.

Kan gi førarkortbeslag

Kor mykje isfjerning er godt nok, og kor mange grader av straff kan du få om du har for dårleg sikt?

– Viss vindusviskarområdet og dei fremste sidevinduene er fri for snø, is og dugg slepp du unna. Har du skrapt mindre enn dette, ventar minst eit forenkla forelegg på 2.600 kroner, seier konstituert sjef for Utrykningspolitiet, Roar Skjelbred Larsen ifølgje ei pressemelding frå Frende.

  • Er mindre enn halve frontruta skrapt blir du meldt.
  • Er det is- og duggfrie området mindre enn eit A4-ark blir det førarkortbeslag.

Om du hamnar i ei ulykke og manglande sikt er medverkande årsak, risikerer du både fengsel, i tillegg til bot og førarkortbeslag.

Du risikerer også avkorting i forsikringsutbetaling.

– Eit forsikringsselskap vil normalt redusera erstatninga. I verste fall kan den falla heilt bort. Då blir dei to minutta du sparte på å ikkje skrapa glasa svært kostbare, seier fagsjef på motor i Frende, Roger Ytre-Hauge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.