Politi | 26. des. 2021

Ungdom meldt for bruk av narkotika

Politiet kontrollerte éin bilist og tre fotgjengarar første juledag.

Ungdom meldt for bruk av narkotika
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. des. 2021 08:22

Første juledag og natt til andre plar vera ein livlegkveld, kanskje årets største festnatt, i Os.

Men med skjenkestopp for serveringsstadane blei det ei roleg vakt for politiet. Dei har ikkje fått meldingar om støy frå private festar heller, men hatt eitt og anna å reagera på langs vegen.

I 01-tida natt til søndag kontrollerte politiet tre tenåringar dei møtte på Søfteland.

– Ein av dei er meldt for bruk av narkotika, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Tidlegare på kvelden, i 23.30-tida, fekk politiet melding om ein utanlands registrert bil som køyrde vinglete frå Søfteland retning Os.

– Bilførar, ei dame i 50-åra, blei funnen skikka til å køyra bil, men blei konfrontert med meldinga vi hadde fått inn, og gitt ei åtvaring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.