Samferdsle | 22. des. 2021

Tett med kontrollar før jul

Vegvesenet har hatt fire kontrollar i Os på éi veke.

Tett med kontrollar før jul
Statens vegvesen har hatt ei rekkje kontrollar på Halhjem og i Os sentrum den siste veka. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. des. 2021 07:59

Statens vegvesen har sjekka mykje tungtrafikk og litt «lett trafikk» i Os og på Halhjem inn mot jul.

Frå måndag i førre veke til måndag 20. desember har dei gjennomført fire kontrollar.

Under følgjer resultata av desse.

Måndag 13. desember, kveldstid: Halhjem

Totalt var 23 tunge og 3 lette kjøretøy innom kontrollplassen. Alle disse ble kontrollert for begjæringar (manglende eu kontroll, forsikring, omregistrering og årsavgift) og vektkontroll.

Vegvesenet tok ein utvida kontroll på 11 tunge og 3 lette kjøretøyene, i tillegg kontrollerte dei 2 køyretøy for vinterutrustning med følgjande resultat:

  • 3 sjåførar blei kontrolert for køyre- og kviletid, her blei det gitt 3 åtvaringar for brot og 1 firma blei oversendt til foretakskontroll.
  • 1 sjåfør blir meldt og fekk bruksforbod på køyretøyet, då det verken var nærlys eller parkeringslys på høgre side.
  • 1 køyretøy fekk teknisk mangel for feil med lys.
  • 1 køyretøy fekk bruksforbod pga gjenstander i siktsonen fremmover.
  • 1 køyretøy fekk bruksforbod og teknisk mangel for feil med bremsane.

Onsdag 15. desember, dagtid, Os sentrum:

Det var 35 køyretøy over kontrollplass, av desse blei 12 stk tunge plukka ut for full kontroll og 6 stk blei kontrollert for vinterutrustning. Alle kjøretøy som var innom kontrollplass blei slått opp i kontrollsystem for å sjekka periodisk kontroll og forsikring.

11 blei plukka ut til full kontroll.

Resultat:

  • 2 sjåførar kontrollert for køyre- og hviletid. 1 sjåfør fekk åtvaring på køyre- og kviletid
  • 1 sjåfør fekk 2000 kroner i gebyr på dekk
  • 1 sjåfør fekk gebyr på ikkje medbrakt førarkort
  • 1 sjåfør blei meldt for ikkje gyldig førakort
  • 2 fekk bruksforbod på avrenning på fiskelast
  • 2 fekk teknisk mangel på div lys

Onsdag 15. desember, kveldstid: Halhjem

Det var relativt lite trafikk, totalt 15 tunge køyretøy innom kontrollplassen. Vegvesenet tok ein nærmare kontroll på 8 av køyretøya.

  • Ein spesialtransport hadde ikkje medbrakt dispensasjon, og fekk pålegg om å framskaffa denne før vidare køyring. I tillegg var merkinga av transporten mangelfull og måtte utbetrast før vidare køyring.
  • Eit køyretøy fekk teknisk mangellapp for køyring med ulovlege markeringslys i front.

Måndag 20. desember, dagtid: Os

Vegvesenet kontrollerte 11 køyretøy, alle desse blei sjekka for dekk og kjetting.

11 av køyretøya blei plukka ut til full kontroll.

Resultat:

  • 5 sjåførar kontrollert for køyre- og kviletid, 2 av dei fekk åtvaring
  • 1 fekk teknisk mangel på div feil firmanavn i fartskivar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.