Næringsliv | 24. mars 2021

Miljøfyrtårn med nye bein å stå på

Premiebua fekk sertifikatet i går. Samtidig har dei funne ny veg gjennom koronakrisa.

Miljøfyrtårn med nye bein å stå på
No er Premiebua Miljøfyrtårn. F.v. Svein Åge Tvedt, Eirik Lekven og Inger Lise Tvedt saman med fungerande ordførar Mikal Leigland. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 24. mars 2021 10:06

Bildeserie:

Men du finn framleis dei flotte premiane. (Foto: KOG)
Men du finn framleis dei flotte premiane. (Foto: KOG)
Kva med ein kulepenn som er 100 prosent miljøvennleg? (Foto: KOG)
Kva med ein kulepenn som er 100 prosent miljøvennleg? (Foto: KOG)
Eller kva med ein som er laga av stein? (Foto: KOG)
Eller kva med ein som er laga av stein? (Foto: KOG)
1 av 3
Men du finn framleis dei flotte premiane. (Foto: KOG)
Kva med ein kulepenn som er 100 prosent miljøvennleg? (Foto: KOG)
Eller kva med ein som er laga av stein? (Foto: KOG)

Etter at tre generasjonar generasjonar bokhandlarar i tok eit trist farvel og la ned den 109 år gamle butikken i Os sentrum, vart det i september 2018 klart at Premiebua skulle inn i lokala som for mange var kjend som Libris-bygget.

Premiebua hadde frå før firmaadresse i Os, men butikk og utstilling i Bergen.

– Det er eit firma eg har drive saman med faren min, Karstein Tvedt. Han starta heime i kjellaren vår i 1981, frå år 2000 har vi hatt butikk i Sandviken, fortalde dagleg leiar Inger Lise Tvedt.

Premiebua skulle importera delar, men tok montering og gravering sjølv.

– Vi er ikkje avhengige av å ha eit sentrumsnært lokale, mange av bestillingane skjer via nett. Men det er kjekt å ha ein plass der kundane kan besøka oss og sjå utvalet, anten det er idrettslag eller nokon som vil gravera champagneglas til eit bryllaup.

8. februar 2019 var det endeleg tid for å opna butikken.

– Renoveringa blei meir krevjande for huseigar enn venta, blant anna grunna tilstanden på elektrisk anlegg. Vi fekk ikkje byrja innreiinga før på nyåret, men takka vera gode hjelparar er vi no klar til drift i nytt lokale, fortalde Inger Lise Tvedt på opningsdagen.

Premiebua ligg i Os sentrum. (Foto: KOG)
Premiebua ligg i Os sentrum. (Foto: KOG)

– Meir enn eg visste

Tysdag denne veka var det tid for talar, utdeling av blomar, og ikkje minst plakettane som stadfestar at Premiebua no er sertifisert som Miljøfyrtårn.

Ei Miljøfyrtårn-verksemd driv arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Verksemdene må dokumentera og oppfylla både lovbestemte krav og krav pålagd av Miljøfyrtårns sertifiseringsordning. Krava omfattar miljøaspekta energi, avfall, transport, innkjøp og arbeidsmiljø. Verksemda skal gjennomføra tiltak for å skapa ei mer miljøvenleg drift og godt arbeidsmiljø.(Kjelde: Wikipedia)

Til stades på markeringa var fungerande næringssjef i Bjørnafjorden kommune, Jon Sivert Rykkel saman med i desse dagar, fungerande ordførar, Mikal Leigland (Sp).

Rykkel hylla Premiebua for si satsing i Os sentrum og i Bjørnafjorden, og han gratulerte samstundes med den nye sertifiseringa.

– At ei verksemd vel å flytta frå Bergen, til Os og Bjørnafjorden er i seg sjølv utruleg kjekt. At de no i tillegg er blitt eit Miljøfyrtårn midt oppi ei omstilling gjer meg glad og takksam. Vi heiar på dykk!

Leigland, som sjølv er næringsdrivar med ei Miljøfyrtårn-sertifisert verksemd, nytta høvet til å helsa frå ordførar Trine Lindborg (Ap) som var hindra frå å møta sjølv.

– Trine ba meg spesielt helsa å takka for den jobben de i Premiebua gjorde med å skaffa oss naudsynt smittevernutstyr i byrjinga av pandemien. Dette set vi stor pris på.

– At de no har vald i bli eit Miljøfyrtårn er på mange måtar synomymt med det Premiebua er for meg; det handlar om stoltheit og premiar etter ein solid innsats. Når det skal vera sagt - når eg ser meg rundt i butikken, blir verkeleg overraska over kor mykje meir enn berre pokalar og medaljar de tilbyr.

– At de no kan hengja opp plakettane som syner at de er eit Miljøfyrtårn er eit kvalitetsstempel, avslutta Leigland.

Fungerande ordførar Mikal Leigland (Sp) helste frå kommunen. (Foto: KOG)
Fungerande ordførar Mikal Leigland (Sp) helste frå kommunen. (Foto: KOG)

Bom stopp med korona - 90 prosent forsvann

Saman med dagleg leiar i Premiebua, Inger Lise Tvedt, var sambuar Eirik Lekven og bror til Inger Lise, Svein Åge Tvedt, til stades for å ta i mot helsingar og plakettar.

Inger Lise fortel at det er sambuaren, Eirik, som har teke storparten med arbeidet med å få sertifisert firmaet.

– Då den første nedstenginga kom i mars 2020 vart det bom stopp for oss. Alt av idretts-cupar og arrangement som vi har som kundegrunnlag vart teke vekk frå oss. Det var rett og slett brutalt å oppleva av 90 prosent av inntektene forsvann for oss.

– Etterkvart kom det på plass kompensasjonsordningar for å dekka noko av tapa, og det var i denne samanhengen at vi valde å sjå på både Miljøfyrtårn og ei generell omstilling av verksemda.

Inger Lise Tvedt fortel om eit tøft år, men har trua på framtida til Premiebua. (Foto: KOG)
Inger Lise Tvedt fortel om eit tøft år, men har trua på framtida til Premiebua. (Foto: KOG)

Frå god natt til å satsa på profilering

Bortsett frå eit par veker i fjor haust, kor det såg ut til å vera liv laga for vareutvalet til Premiebua, fortel Inger Lise om ei nær «god natt-stemning» for næringa.

– Vi fekk to gode veke i fjor haust, men då vi vakna opp til mutasjonar og nye strenge reglar i januar må eg innrømma at det på ny såg mørkt ut.

Det nevenyttige trekløveret i Premiebua har no staka ut ein ny kurs for Premiebua.

– Hand i hand med sertifiseringa som Miljøfyrtårn har vi no vald å gå litt tilbake til røtene våre; altså å satsa på profilering. Om det er trykk på arbeidsklede, treningstøy, koppar eller flasker skal vi no kunne gjera jobben.

– Vi kjem til å satsa meir inn mot næringslivet, og for å kunne levera anbod i slike prosessar er det ofte eit krav om kunne visa til miljøretta fokus. Då vart Miljøfyrtårn-status eit naturleg val i tillegg til omstillinga.

Premiebua har no meldt seg inn i Bjørnafjorden Næringsråd, og når det kjem til framtida, skortar det ikkje på trua;

– Vi kjem til å satsa vidare, og ikkje minst satsa på grøn næringsutvikling, avsluttar Inger Lise.

Meir enn berre pokalar og medaljar. Premiebua satsar no breitt på profilering. (Foto: KOG)
Meir enn berre pokalar og medaljar. Premiebua satsar no breitt på profilering. (Foto: KOG)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.