Ny hjartestartar på Nore Neset
Søkte sanitetskvinnene om støtte. Då slo fem lag seg saman.
![Ny hjartestartar på Nore Neset](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/3edf6dda76170d0b29c59e87ac0ccdb0e6409a99-1800x1200.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Etter opninga av nye Nore Neset Arena i september i fjor, sakna idrettslaget ein hjartestartar i nybygget.
Vibeke H. Haugland, som er knytt til arrangementskomiteen saman med Monica Bu Hesthamar kom med ein idé om å søkja sanitetsforeiningane i Os om støtte.
– Gleda var stor då Vibeke fekk svar at det skulle alle sanitetsforeiningane i Os gå saman om å skaffa, fortel Monica.
Disse foreiningene er Søre Neset, Søre Øyane, Lysefjorden , Os og Nore Neset.
– Dei er frå før flinke å støtta andre lag og organisasjonar, og kjenner til fleire hendingar i kommunen der hjartestartar har redda liv.
![Hjartestartaren sentralt plassert i vestibylen på Nore Neset Arena.](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/e5178bf9f5ec1043e9687be247e568e8fb368a88-1800x1200.jpg?q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Nore Neset Folkepark har no til saman tre hjartestartarar, éin i Nore Neset Aktivitetshus, éin på idrettsbygget mellom kunstgrasbanane og no éin i nye Nore Neset Arena.
– Nore Neset Folkepark har husar høg aktivitet og har mange foreldre, besteforeldre og tilskodarar innom i løpet av året.
– Vi er glade for at vi no er endå betre rusta til å redda liv, om nokon skulle få problem.