Kultur | 07. apr. 2023

Nye og gamle påsketradisjonar

Familien Vevle/Holdhus held tradisjonen ved like på Kvamskogen, familien Hunnes starta ein ny i Sykkylven.

Nye og gamle påsketradisjonar
Familien Lund Hunnes til venstre, haren til Vevle og Holdhus til høgre. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. apr. 2023 12:43

Kvar vinter sidan 2010 har Siv Vevle og sambuaren Alf Holdhus bygd påskehøne i snø utanfor hytta på Kvamskogen.

Sånn blei det i år òg.

– Snøkvaliteten var ikkje heilt på topp i år, verken å få den til å binda eller å rulla den, fortel Siv Vevle.

– Vi byrja med spade, men så var det éin i familien som kom på ideen med å bruka snøfresar. Då gjekk det unna!

Høna blei 4 meter lang og nesten 3 meter høg. Det blei i tillegg ein hare i år òg.

Vevle og Holdhus si høne til venstre, familien Hunnes si høne til høgre.
Vevle og Holdhus si høne til venstre, familien Hunnes si høne til høgre.

Ein annan familie frå Os er debutantar i hønebygging i år. Lund Hunnes er på hytta på Fjellsætra ved Strandafjellet i Sykkylven.

– Eg har sett folk dela bilde av høner og liknande, og det er hyttenaboar her oppe som har bygd og fargelagt bokstavar som seier «god påske» i snøen.

– Vi fekk lyst å bygga noko, så eg sette alle gutane i sving, fortel Wibeke Lund Hunnes.

Ektemannen Kristen og sønene Martin, Kristoffer og William fekk nevane fulle med både høne- og snøsofa-bygging.

– Snøen er heldigvis fin her oppe, og gutane blei ivrige, så det blei ein effektiv byggeprosess, synest Kristen.

Sofaen er allereie i flittig bruk og høna ser ut til å stå ut påsken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.