Fotball | 16. aug. 2021

Os G13 til topps i Bergen Fotballcup

Starta med 12-0-siger - i går vann dei finalen.

Os G13 til topps i Bergen Fotballcup
Zsolt Korcsmár er hovudtrenar for dei talentfulle ungdomane. I går vann dei finalen i Bergen Fotballcup.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. aug. 2021 09:10

I helga har Os gutar 13 deltatt i Bergen Fotballcup med det eine av fire lag i årgangen.

– Det er flinke gutar som trener mykje. I serien i vår spelte dei opp ein årsklasse, i helga spelte dei sin første cup på lenge, og sin første cup med sluttspel, seier Zsolt Korcsmár.

Vinnarlaget, Os G13:
Lars- Henrik Radmannsøy Lunde (keeper)
Henrik Helland
Kristian Hjartholm Foer
Jakob Nøss Solskjær
Gabriel Lamark
Hans Martin Hansen
Tormod Igland Lund
William Haugland
Nathaniel Overå
Mathias Aadland
Evander Rangset
Noah Antonio Tveit
Lasse Skaatun
Gabriel Lamark (ikkje på bildet)

Korcsmár nærmar seg speleklar for Os sitt A-lag. Parallelt med opptrening etter skade har den tidlegare Brann-spelaren, som også har bakgrunn som U21-landslagskaptein for Ungarn, gjort nytte for seg som hovudtrenar for gutar 13-laget.

– Eg har med meg ei stor og god foreldregruppe til å trena laget, fortel Zsolt.

Det var 13 lag i G13-klassen.

  • Os starta puljespelet med 12-0-siger over Arna-Bjørnar, så gjekk dei på eit 1-2-tap for Søreide, og hamna på 2. plass i pulja.
  • I kvartfinalen blei det 2-1-siger over Varegg, i semifinalen slo dei Djerv/Nordnes 4-1.

I finalen fekk dei sjanse til å ta revansje over Søreide. Os vann 3-1 og stakk av med sigeren i Bergen Fotballcup.

2. plass til Nore Neset J15

Nore Neset jenter 15 var einaste lag frå vår kommune, utanom Os G13.

Også dei tok seg til finale. J15 hadde seks påmeldte lag. Nore Neset slo Skjergard 4-1, spelte 1-1 mot Askøy 2 og slo Askøy 1 2-1 i semifinalen.

I finalen blei det 0-1-tap for Sotra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.