Fotball | 28. mai 2025

Os stilte sterkt i NM for gatelag

Prestasjonane var òg betre enn før.

Os stilte sterkt i NM for gatelag
18 av dei 21 frå Os som i helga deltok i NM. Foto: Kristoffer / Livskvalitet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. mai 2025 18:51

Ein delegasjon på 21 representantar frå Os, 5 i lagleiinga og 16 spelarar, reiste 06 fredag morgon til Kristiansand for å delta i NM for gatelag.

Os stilte med både herre- og damelag.

– Laga består av både rutinerte spelarar og eit par NM-debutantar på kvart av laga, fortel coach for herrelaget, Lars Petter Grønvigh.

– Vi tok frukost på Halhjemsferja, lunsj på Vikeså og siste dopause i Lyngdal.

Os har sjølv arrangert cup for gatelag på Kuventræ. I 2023 stilte dei i NM for første gong.

Årets NM gjekk på Sørlandet. Ankomst Kristiansand var 14.30. Så var det berre til å gjera seg klar for parade.

Bildeserie:

Pause i sola. Foto: Kristoffer / Livskvalitet

Transportmiddel av øvste klasse. Foto: Kristoffer / Livskvalitet

NM startar med parade. Os var ikkje anonyme. Foto: Kristoffer / Livskvalitet

Så var det om å gjera å spreia god stemning. Foto: Kristoffer / Livskvalitet

Innsjekk på Thon midt i sentrum, ti minutt gåavstand frå banane. Foto: Kristoffer / Livskvalitet

1 av 5

Sportsleg sett blei det gode resultat.

– Begge lag vann fleire kampar. Vi merker at vi slepp inn færre mål og skårar fleire, det er gode teikn, seier Grønvigh.

Sosialt blei det òg suksess.

Herrelaget landa samla sett som nummer 21, opp 4 plassar frå førre bestenotering.

Damene tok ein sterk 2. plass i B-sluttspelet.

Her er nokre glimt frå kampane:

Bildeserie:

Os herrelag med coach og støtteapparat. Foto: Kristoffer / Livskvalitet

I år stilte Os òg med damelag. Foto: Kristoffer / Livskvalitet

Let the games begin. Foto: Kristoffer / Livskvalitet

Os gatelag i NM. Foto: Kristoffer / Livskvalitet

Strøken lunsjsal. Foto: Kristoffer / Livskvalitet

1 av 15

Herrelaget sin første kamp gjekk mot vertane, Kristiansand.

Os leia til pause, men tapte.

Damene spelte rett etterpå.

– Dei tapte den første, men fleire av spelarane blei lagt merke til av landslagsleiinga for gatefotball.

Damene starta laurdagen med tap for Trøndelag, men så snudde det, med siger over både Sandvika og Fredrikstad.

Dermed var dei vidare i sluttspelet.

I første kamp i sluttspelet vann Os-damene 5-2 over Agder.

Laurdagen starta for herrelaget sin del med tap for Larvik. Os hadde ein sterk førsteomgang, men gjekk på eit knipent tap.

– Det var i periodar gneistrande spel! seier Lars Petter.

I sluttspelet for herrar gjekk Os først på eit knipent tap for så å vinna heile 6-1.

– Kvelden blei avslutta med ein fantastisk fin bankett på KRS Live.

Trass bankett laurdag, det var fleire kampar søndag.

Der avslutta Os-herrane med ein uhyre spennande kamp. Den enda med 8-7 siger til Os over Farsund.

Damene sin siste kamp blei ikkje mindre spennande. Den enda i straffesparkkonkurranse, ein konkurranse Os tapte for Haugesund.

– Vi fekk ikkje sommarvêret Kristiansand er kjent for, men 10-13 gradar, vind og regn. Men det blei ei helg med spennande kampar, fine opplevingar og mykje venskap og meistring, seier Lars Petter.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.