Fotball | 27. jan. 2023

Os vann første NM-kvalik

– Fantastisk å sjå korleis jentene justerte tempo og aggressivitet i spelet.

Os vann første NM-kvalik
Os J16 sin tropp som i går slo Voss i første kvalik til NM. (Foto: Privat/Renate Rød)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. jan. 2023 08:56

Os Fotball har, som del av samarbeidet med Nore Neset, sydd saman eit jenter 16-lag med spelarar frå fire ulike lag, J14, J15, J17 og damelaget, for å delta i årets NM.

J16-stallen har aldri trent samla før, men fekk éin treningskamp før jul og éin etter jul.

I går tok dei imot Voss, som Os-trenar Ørjan Sandal meiner er favoritt til å ta seg vidare frå Hordaland fotballkrets.

Os leia 3-0 til pause og vann 5-2.

– Vi fekk køyrd oss dei første 8-10 minutta, men så justerte jentene opp både tempo og aggressivitet, fekk overtaket og byrja å skåra mål, fortel Sandal.

Trass 3-0 til pause og 4-0 rett etter pause, kunne dei aldri seinka skuldrene.

– Voss hadde høgt press også i starten av andre omgang, og utover i denne omgangen. Dei er eit godt lag, og reduserte til 4-1.

3-4 redningar på rad av Maria Hatvik Flister gjorde at heimelaget heldt gjestane på grei avstand.

Os auka til 5-1 på ein rask kontring i 77. minutt, Voss reduserte til 5-2 minuttet etter.

– Sjølv om vi leia med ein del mål, var Voss så gode at kampen var spennande heilt til klokka nærma seg full tid.

Os - Voss 5-2 (3-0)

Elise Lyssand skåra hattrick då Os J13 i november slo Vestsiden-Askøy 5-0 og sikra 1. plass i 2. divisjon. I går skåra ho hattrick for Os jenter 16.

Målskårarar:
1-0 Elise Lyssand (5.)
2-0 Frida Stephanie Gomez Alfheim (18.)
3-0 Emilie Solholm Andersen (36.)
4-0 Elise Lyssand (46.)
5-1 Elise Lyssand (77.)

Elise Lyssand, her i kamp for J13 i november, skåra hattrick også for J16 i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Elise Lyssand, her i kamp for J13 i november, skåra hattrick også for J16 i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Troppen:
Maria Hatvik Flister
Hanna Groth-Bugge
Emilie Solholm Andersen
Sanne Førde Valle
Sara Kvangardsnes
Jennie Irene Bos
Pia Emmeline Hindenes
Elise Lyssand
Leah Hagevik Vedholm
Leah Amira Hevrøy Hagenes
Frida Stephanie Gomez Alfheim
Helene Kristin Traavik
Anja Lyssand Aasen
Celine Alexandra Kleppe Rosendahl
Kari Midtbø
Mari Wiik Søreide

– Samla sett var dette ein veldig god prestasjon av jentene. Fleire av dei har spelt saman før, men troppen har ikkje trent saman som eit lag. Men dei jobbar godt i sine lag på alle nivå, og kvar av dei veit kva rolle dei har. Då dei fekk spelt seg litt inn i kampen, var det meste på plass.

– Det som er ekstra kjekt er at det er mange flinke og ivrige fotballjenter på Nore Neset og Os utanom dei som var med i går.

– Det lover bra for damefotballen i Os framover! meiner damelagstreanr Sandal.

Neste kamp går mot Toppserie-klubben Åsane sitt J16-lag laurdag 11. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.