– Overraskande og kjekt besøk
Då Kenneth skulle henta seg kaffi, oppdaga han ein forfjamsa gjest i hagen.

Mens jakttida er over for denne gong, og bilistane prøver å unngå samanstøyt, er hjorten synleg langs fleire vegar og nabolag i Os.
Kenneth Haugland bur ikkje i det mest tettbygde nabolaget på Søre Neset, men har aldri sett hjort i eigen hage på Haugland før.
– Eg var på veg på kjøkkenet for å henta meg ein kopp kaffi då eg såg noko som bevegde seg utanfor glaset, fortel Kenneth.
Bukken gjekk og snuste i hagen.
– Den såg noko forfjamsa ut. Bukken var åleine, og stakk etterkvart vidare. Men det var eit overraskande og kjekt besøk, seier Kenneth.
Hjorten kan gjera skade på avlingar, men den kan også vera underhaldande å få på besøk.

Men enkelte vil helst ha han i gryta.
Tal frå hjortejakta hausten 2021 kjem først i mars.
SSB har ikkje samastilt jakt i Fusa og Os etter samanslåinga i 2020, men tala for hausten 2019 var rekordhøge begge stadar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.