Endelausmarka: Svegatjørn til venstre, Rådal til høgre og Lyseparken og Åsen beint fram. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

På synfaring i Lyseparken

Fredrik Seliussen fortalte Fusa-politikarane om ferske diskusjonar og dagens utfordringar.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Utval for samfunns- og næringsutvikling (SNU) i Bjørnafjorden kommune var fredag på synfaring i Ohara og Lyseparken, for at politikarane i Os skal bli kjent med kvarandre sine utfordringar og større prosjekt.

Os kommune stilte med to av fire utvalsmedlemmar, Ståle Skaatun (H) og vararepresentant Nils-Anders Nøttseter (MDG, mens Fusa var fulltallig med William Lindborg (Ap), Aud-May Boge (H) og leiar for SNU-utvalet, Svein Lang (Sp).

Snakk og forsnakking

Etter oppmøte hos Veidekke i Ulvenparken gjekk turen gjennom 1,5 km lange Svegatjørntunnelen, langs 1,1 km lange Endelausmarka til opninga på 9,2 km lange Lysehorntunnelen.

Så gjekk turen tilbake til den av dei to bruene som er nærmast Lyshorntunnelen, på «Esso-tomta». Det er lett å forsnakka seg når du har fusingar på besøk.

– Tomta er ikkje selt, men tomta er tiltenkt energistasjon, altså det nye ordet for bensinstasjon, forklarte Fredrik Seliussen.

Også BKK var representert, denne gong ved Anne Jordal, som fekk sjå Lyseparken for første gong. Etter prat på austsida av vegen gjekk turen over til vestsida og halve delen av Lyseparken.

Det er Lyseparken sør som no er under bygging, nordre del er nærmast urørt terreng. I midten ligg 219 mål som torvlibellen skal få for seg sjølv, augestikkaren som ikkje skal ha vist seg etter at den gjorde beslag på over ein fjerdedel av det potensielle næringsområdet.

Utsett høyringsfrist for områdeplan

I april i fjor var områdeplan for Lyseparken inne i avsluttande fase, 21. desember var høyringsfrist.

• Les òg: Slik kan Lyseparken bli (april 2018)

– Planen seier blant anna at alle bygg skal prosjekterast til maksimal utnytting. Du kan bygga i fleire trinn, men dei første etasjane må tola utviding i høgda.

• Les òg: 12.000 arbeidsplassar og sjølvforsynt med energi (november 2018)

– Fylkesmannen og Statens vegvesen fekk utsett frist, i utgangspunktet til 16. januar, men vi mottok uttale i møte 14. februar i år, fortel Seliussen.

– Dei har berre 3-4 innvendingar, men det er tunge spørsmål vi må svara på før vi kan rekna med å få planen godkjent.

Eitt av dei handlar om korleis Os kommune ligg an med nærsenterstruktur. Kollektivtransport er òg tema. Skyss har ikkje Lyseparken med i strategiplanen fram til 2025, men dette kan løysast med interntransport i Lyseparken fram til nærmaste busstopp i bruk av rutebiltrafikk.

Vidare strategi for Os kommune

Ei veke før møtet med fylke og vegvesen hadde Os formannskap og gruppeleiarar møte om vidare strategi for Lyseparken.

– Os kommune har har fire alternativ; å eiga vidare, å eiga vidare som kommunalt eigd selskap, å danna ein samabeidsmodell med private aktørar og å selja alt samla.

– Det handlar om alt frå risiko og potensiell forteneste, til det å vera med å forma området vidare. Kva verksemder og kva type arbeidsplassar vil osingane ha her? Det interessante på møtet var at det sprikte i alle retningar, fortel Seliussen.

– Eg har nok interessentar i dag til å fylla heile Lyseparken med tomtekjøparar, men dei er av kategorien som det ikkje blir mange arbeidsplassar av, typisk slike bedrifter vi i dag ser blir skvist ut av Fjøsangerveien.

Her hadde utvalsleiar Svein Lang (Sp) frå Fusa eit innspel.

– Eg var nyleg på Vestlandskonferansen, ein god konferanse med 1600 deltakarar og gode foredrag. Det kom tydeleg fram at dei som har suksess med å skapa mange arbeidsplassar er ikkje gründerbedrifter åleine, då desse oftast stoppar på 3-4 tilsette, men der det blir danna clusters (klynger, miljø med fleire firma i same/overlappande bransje, gjerne teknologibedrifter).

Dette har òg vore gjentakande tema i planlegginga av Lyseparken dei siste åra.

• Les òg: 200 meter høgt Røkke-tårn i Lyseparken?

Fleire saker