Øyafest | 02. juni 2023

Rebus Run blir del av Øyafest

– Eit naturleg samarbeid, seier begge partar.

Rebus Run blir del av Øyafest
Rebus Run var nytt i fjor. Det samla nesten hundre deltakarar fordelt i 34 båtar - mange var utkledde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. juni 2023 12:40

Øyafest, 29. juni - 1. juli:

I fjor kom Bergen Poker Run-veteranane Anders Arefjord og Eirik Haugland med ein ny idé - å laga noko som liknar Poker Run, men for born og ungdom.

Onsdag 7. september kom invitasjonen, laurdag 10. september stilte 34 båtar med til saman nesten 100 deltakarar til start på Bunnpris Vedholmen Landhandel.

Fleire av båtføraraner og passasjerane hadde dessutan kledd seg ut.

Les ògStilige og stødige båtførarar!

No fortel Øyafest at Rebus Run blir arrangert i år - som del av festivalprogrammet.

– Eirik og Anders hadde funne ut at dei ville ta det den same helga, sidan det då er ekstra med folk og aktivitet i Øyane, og me synest at det passar godt inn med endå eit gratisarrangement. Me liker spesielt godt at dette passar for ungar og ungdom, seier Ivar Bøthun frå festivalleiinga.

Steinar Thelen har fleire masterclasses bak seg i Las Vegas. I sommar kjem han til Øyane. (Pressefoto)
Les ògSiste slepp: Øyafest klar med utvida dag-program

Frå før har Øyafest gratis kickoffkonsert i fjøresteinene i Humrahølo og gratis familiefest med trylling og triksing på laurdagen.

Rebus Run blir på dagtid torsdag 29. juni, altså første arrangement på årets festival.

– Me er glade for at Øyafest sa ja, begge partar synest desse arrangementa passar saman, og har tru på at dei kan styrka kvarandre, seier Anders Arefjord.

– Eg kjenner allereie til nokre sunnhordlendingar som vil på Rebus Run med ungane sine, som synest det var bonus at foreldra kunne gå på festival same helg.

Rebus Run er ikkje berre for lokale, unge båtførarar. Øyafest legg til rette for rundt ei dobling av fjoråret, men det blir med påmelding og eit tak på mengde deltakarar.

I tillegg ser Arefjord eitt og anna dei vil gjera endå betre, sjølv om fjorårets Rebus Run blei vellykka.

– Det handlar om både å legga inn nokre rebusoppgåver, at kunnskap blir ein faktor, så det ikkje berre handlar om «best in show» eller raskast gjennom løypa. Og så vil me legga litt om på entré og vakthald ved nokre av postane, så faren blir mindre for at propellar tar nedi, og på tryggleikspersonell i beredskap.

Resten av førebuingane til Øyafest går også godt.

– Fredagen er som kjent utselt for ei god stund sidan, laurdag kveld nærmar seg tusen selte, altså det me totalt selte i fjor. I tillegg har me fått inn endå fleire sponsorar, så me e' i ruta.

Sånn er programmet - dag for dag

Torsdag dagtid - Bunnpris Vedholmen
Rebus Run - båtrace for ungdom og born
(gratis å delta)

Torsdag kveld - Humrahølo
Hilde Selvikvåg
(fri entré)

Fredag - Sundøy Arena (telt)
Tre Busserulls
Coverheads
(eigne billettar til fredag. utselt)

Laurdag dagtid - Sundøy Arena
Trampettoppvising - Øyglimt il
Trylleshow - Steinar Thelen
Meet & Greet med Bjørnis
Fotballtriksing - Sondre Ødegård Asknes
(fri entré - rekkefølga kan bli endra)

Laurdag - Sundøy Arena (telt)
Roll & Rock
Goggen

Laurdag - Sundøy Arena (hovudscenen)
Stavangerkameratene
Björn Rosenström

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.