Kultur | 15. sep. 2022

Riggar til oktoberfest med standup

– Reknar med vi får plass til alle i år.

Riggar til oktoberfest med standup
Peter, Jostein og Frank saman med dei yngre kollegaene Adrian, Magnus og Mats. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. sep. 2022 15:54

Fredag og laurdag held Havnechefen og Elvehuset oktoberfest i Vognhallen.

Då dei arrangerte oktoberfest i 2019, var det rundt 70 som ikkje kom inn den siste dagen.

– Då syntest vi synd i folk, fleire av dei kom utkledde og trudde det berre var til å kjøpa billettar i døra, fortel Peter Moesgård frå Havnechefen.

I år har dei rigga til 220 gjestar per kveld, men dette kan også utvidast noko.

– Folk bør likevel kjøpa på nett før ankomst, spesielt laurdagen. Fredag kan det henda at folk kan ta det på strak arm, men laurdagen byrjar å fyllast opp, supplerer Jostein frå Elvehuset.

I dag dekker dei til veggane i Vognhallen. På kvelden fredag og laurdag blir det doble sett med høgttalarar så alle skal få god lyd trass trafikken utanfor.

Den isolerte stova blir backstage, med scene rett utanfor. I den andre enden blir det rigga til saman tre barar.

– Kvelden startar med standup, så blir det Austevoll Brass og til slutt trubadur.

Standup begge kveldar er ved Joakim Olsen frå Os saman med Aleksander Bastiansen og konferansier Johnny Bayer.

Kvelden handlar ikkje berre om bayer, mat er med i prisen.

– Det er buffet, og vi har laga rikeleg med mat, så folk kan bli gode og mette på både fast og flytande denne kvelden, seier kokken Frank.

Trubadur fredag er Frode Holmefjord, laurdag står Erik Rolland for musikken etter at Austevoll Brass har gått av scenen.

– Folk kan verkeleg gle seg til Austevoll Brass! Vi hadde dei i Havnechefen Møkster sitt selskapslokale førre helg, og dei lagde enormt med liv! Øya har berre 43 fastbuande, men vi hadde 150 gjestar, og det var vanskeleg å få dei til å gå heim etter at det var ferdig, fortel Peter.

I Vognhallen har dei skjenkeløyve til klokka 01 begge kveldane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.