Politi | 01. okt. 2021

Buss køyrde på hjort

Ingen passasjerar skal ha blitt skadd under oppbremsinga.

Buss køyrde på hjort
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. okt. 2021 05:39

600-bussen på veg frå Osøyro til Bergen skal ha tatt ein nødbrems på Kalandseid i 07.25-tida.

– Bussen køyrde på ein hjort. Hjorten sprang vidare, men sjåføren skal ha varsla viltkontakt, opplyser ein passasjer til Midtsiden.

Ingen av dei drygt 20 passasjerane om bord skal ha blitt skadd i oppbremsinga.

Bussen blei ståande i rundt 5 minutt, men køyrde så vidare på ruta retning Bergen.

BT opplyser om endå ein påkøyrd hjort på E39, ved Krambua, og at dette skapte forseinkingar på E39 ei stund etter klokka 07.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.