Sport | 30. mars 2022

Ruth Moberg nominert til årets trenar

Fram til 12. april kan vi stemma på kandidatane frå region vest.

Ruth Moberg nominert til årets trenar
Ruth Aarnes Moberg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. mars 2022 07:49

Tysdag blei det kjent at Ruth Aarnes Moberg frå Os Turn Handball er blant fire nominerte i region vest til tittelen Årets Barnehåndballtrener.

Ruth konkurrerer mot trenarar frå Gneist, Kjøkkelvik og Åsane. Vinnaren får 10.000 kroner til eige idrettslag og tittelen Årets Barnehåndballtrener i regionen.

Kåringa skjer ved online avstemming fram til 12. april.

Vinnaren går vidare til Topphåndballseminar i Sandefjord 10. til 12. juni, der kåringa av den nasjonale tittelen finn stad, med nye 20.000 kroner i premie.

Stor innsats - heilt i det stille

Ruth Moberg har vore barnehandballtrenar i Os Handball i ei årrekkje. Dei siste åra har ho også vore arrangementsansvarleg.

Tidlegare trente ho laga til sine eigne ungar, blant anna til Bring-cup, no trener ho jenter 12 saman med blant andre Ole Jørgen Olsen.

– Ruth tok trenar 2-utdanning for halvanna år sidan. Ho er både dyktig og engasjert, og jobbar mykje, men ganske i det stille, seier dagleg leiar i Os Handball, Christian Bugge.

– Jenter 12 er eit lag som har auka i mengde spelarar under pandemien. Før jul var ho og trenarteamet frå dør til dør for å synga julesongar og dela ut julekort til spelarane. Det visste eg ikkje om før ei takksam mor fortalte det til meg.

Bugge synest nominasjonen er veldig fortent. Det same gjer styreleiar Ingerid Verpe Jacobsen.

– Både som trenar og som arrangementsansvarleg så gjer ho ein enorm jobb. Under pandemien, med stadig skiftande vilkår, har Ruth gjort eit enormt stykke arbeid, dag etter dag for å få alt til å gå i hop.

Ruth har spelt handball i oppveksten, og er framleis aktiv på Os piker 50.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.