Politi | 24. apr. 2022

Siste dag med piggdekk

Frå i morgon risikerer du 1000 kroner i gebyr.

Bilde av eitt av Os Auto sine dekkhotell. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. apr. 2022 07:59

Har du venta med å legga om, for å vera trygg på fjellet i påsken?

Siste dag du kan køyra med piggdekk sør for Nordland fylke, med mindre forholda der du køyrer tilseier noko anna, er første søndag etter andre påskedag.

Det er i dag.

Frå i morgon risikerer dei med piggdekk 1000 kroner i gebyr.

Per dekk? Nei

Midtsiden rettar: Vi skreiv først at gebyr på 1000 kroner gjeld per dekk. Ein lesar har gjort oss merksame på denne saka på NRK.no, som fortel at køyring med for dårleg mønster på dekk gir gebyr per dekk, men køyring med piggdekk når det ikkje er lov, er begrensa opp til 1000 kroner. Altså same sum for eitt som fire piggdekk.

Dette kjem også fram av lovdata.no paragraf 9 a): «med piggdekk eller kjettinger når dette er ulovlig. Regnes som én overtredelse.»

Når du legg om til sommardekk, og lurer på om sommardekka frå i fjor har djupt nok mønster, hugsar du kva som er minimum?

På vinterdekk er det 3 mm, på sommardekk 1,6 mm.

Køyrer du med tilhengar, er krava dei same som for bil. Køyretøy over 3,5 tonn har eigne krav.

Les meir om dekk på vegvesen.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.