Politi | 11. nov. 2022

Utforkøyring, promillekøyring og tjuveri av bil

Politiet ramsar opp ei rekkje hendingar torsdag og natt til fredag.

Utforkøyring, promillekøyring og tjuveri av bil
Bilen skal ha stått nær Os kyrkje då den blei stolen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. nov. 2022 09:10

Torsdag klokka 22.48 blei det melding om tjuveri av bil i Os sentrum.

Bilen, ein raud Honda Civic 1997-modell, sto parkert nær Os kyrkje.

– Forholdet er meldt via internett, og foreløpig ikkje formelt meldt hos oss, seier politioverbetjent Knut Magnus Fjeld.

Bilen skal ha blitt stole ein gong mellom klokka 19 og 20.30.

Promillekøyring og stoppskilt

UP hadde kontroll ved stoppskiltet i Lepsøykrysset igjen i går.

Klokka 17.42 meldte dei om fire forenkla forelegg for ikkje å ha stoppa.

Kvart av forelegga er på 7.450 kroner, i tillegg kjem tre prikkar på førarkortet.

Køyrer du forbi linja ved stoppskiltet utan å stoppa, risikerer du både å skapa fare i trafikken, og å bli over 7.000 kroner fattigare. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògHar henta inn over 130.000 kroner på same stad

Klokka 18.06 stoppa politiet ein trafikant på skuter. Vedkomande, ein mann i 50-åra, har ikkje gyldig førarkort.

Mannen er også mistenkt for køyring i påverka tilstand, og blei køyrd til Haukeland for blodprøve.

Utforkøyring i Lysefjorden - feil veg på E39

Klokka 11.16 torsdag meldte Vegtrafikksentralen om ein raud bil somkøyrde feil veg i Endelausmarka.

– Den skal ha rygga og styrt litt på før den køyrde rett veg, mot Bergen.

UP kontrollerte bilførar, som så blei dimittert.

Klokka 21.53 fekk politiet melding om utforkøyring på Lyseklostervegen nær klosterruinane.

Politiet rykte ut og fann ein bil som sto ute på eit jorde. Det var ingen personar ved bilen, og politiet reknar med at den har stått sånn ei stund, så dei avslutta på staden.

På morgonen i går hadde UP kontroll på Halhjem ferjekai. 45 bilar, inkludert 6 tunge køyretøy, blei kontrollert utan at dei fann noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.